Lars Berg

Lars Kornelius Edvard Berg (16. mai 1901–11. januar 1969) var ein norsk romanforfattar, dramatikar, lærar og kulturforkjempar.

Liv og virke

Lars Berg tok seminaret (lærarskolen) i Tromsø 1919-22. Han var lærar i Hjørundfjord, Bø i Vesterålen og Hillesøy kommune i 12 år før han debuterte som forfattar på det nyetablerte Tiden Norsk Forlag i 1934. I perioden 1934-1940 levde han som forfattar i Oslo. Det var den meste produktive perioden hans som forfattar: Ved sida av at han skreiv ein stor roman i året, leverte han dessutan eit femtital noveller til Arbeidermagasinet.

Dei fleste romanane til Berg handlar om livet til fiskarbøndene i Nord-Noreg og familiane deira i samtid og nær fortid. Berg sine romanar skildrar omstillinga i landsdelen i første del av 1900-talet, med mekanisering i jordbruket og motorisering av fisket. Hos Berg er seksualiteten ei positiv kraft som vert halden nede av kyrkja si seksualfiendtlegheit og fordomane til folk.

I skildringa av seksuelle scener var Lars Berg utvilsamt den mest radikale forfattaren i den norske 30-talslitteraturen. På grunn av at skildringane var ganske direkte, vart han stempla som «rikspornograf», også utanfor dei strenge puritanarane sine eigne krinsar. Det galdt særleg dei tre første romanane hans.

Lars Berg mottok gullmedalje frå Oslo illustrerte for den beste litterære prestasjonen i året 1934. I juryen sat mellom andre Ingeborg Refling Hagen og Peter Egge.

Den sterke blir svak når han elskar. Den svake blir ofte tyrann

Lars Berg

Dei fire romanane som kom mellom 1936 og 1939 blir rekna som hovudverket hans.

Lars Berg var ein aktiv kulturradikalar. Han var ein av 33 norske forfattarar som skreiv opprop mot Knut Hamsun etter at Hamsun hadde angripe den tyske krigsfangen Carl von Ossietzky, som fekk Nobels fredspris i 1936 (for 1935). Lars Berg vart innbragt av politiet i Oslo då han arrangerte demonstrasjon mot Mussolini etter Italias invasjon i Etiopia i mai 1936. Saman med mellom andre Arnulf Øverland, Aksel Sandemose og Sigurd Hoel skreiv han dessutan opprop med protestar mot Moskvaprosessane då dei starta i 1936.

I 1936 starta Stalin utreinskninga av meiningsmotstandarar i dei såkalla Moskvaprosessane. Like etter den første rettssaka rykka åtte norske forfattarar, blant desse var Lars Berg, ut med ei melding der dei stempla dødsdommane som justismord. Dei norske forfatterane var mellom dei aller første som protesterte mot Stalin sine utreinskningar.

Lars Berg åtvara tidleg mot nazismen, mest aktivt med talar og foredrag etter ei ferd i Tsjekkoslovakia våren 1938. Då krigen kom til Noreg, vart Berg med i motstandsarbeidet. Han vart teken av Rinnanbanden og sat i fangenskap frå 4. desember 1942 heilt til frigjeringa i 1945. Den lengste tida sat han på Grini. Bøkene hans var forbodne under krigen. Tiden Norsk Forlag vart stengt i 1940, og bøkene av Berg vart fjerna frå forlag, bokhandlarar og bibliotek.

Då Berg slapp ut av fangenskapen drog han attende til Tromsø og etablerte etter kvart framhaldsskole i brakkene i den gamle fangeleiren til tyskarane på Krøkebærsletta i Tromsdalen. Det vart hans pedagogiske og kulturelle «base» dei neste 20 åra.

Etter krigen var det antinazisten og krigsfangen Lars Berg som avduka bysta av Knut Hamsun i Hamarøy kommune i 1961. Han omtala Hamsun som «Noregs største diktar».

Forfattarskapen

Lars Berg debuterte med romanen Men det var det ingen som visste – det var ein roman som slo ned som ei bombe da han kom ut i desember 1934. Boka var utselt alt til jul. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap», og dette fekk Aksel Sandemose til å rykke ut med eit forsvar i Rjukan Arbeiderblad 17.12.34 (også trykt i boka «Dikteren og temaet» (1973)): «Med denne romanen har norsk litteratur fått en ny mann som ikke kan avvises. ‘Men det var det ingen som visste’ behandler et emne som er både farlig og vanskelig, nemlig en manns uduelighet i forholdet til kvinner. Og fenomenet er aldri på noe skandinavisk sprog blitt behandlet så dyktig og inngående som her.»

Året etter gav Lars Berg ut romanen Du er den første kvinne – som også handlar om seksuell feilutvikling. I denne romanen går hovudpersonen til den motsette ytterlegheita, han blir ein Don Juan. Han blir bunde til ei «urkvinne», som har vore barnepike for han. Han har eit nært forhold til henne, og også dei første seksuelle erfaringane sine med henne. Når han skilst frå denne kvinna, får det katastrofale konsekvensar for livet hans vidare: Umedvite søker han etter henne, han går frå den eine til den andre og fell ikkje til ro nokon stader. Romanen vekte stor merksemd, stor forarging, og stort sal. Bokkritikar, dosent Harald Elovsson samanlikna Lars Berg med den engelske diktaren D. H. Lawrence i «Folkskollärarnas tidning» 20.05.39: «Det finns i boken flera erotiska scener, givna med en fyllig och sund sensualism, som kan föra tanken till den engelska diktaren.»

Dei fire romanane som kom mellom 1936 og 1939 blir rekna som Lars Berg sine hovudverk. Her følgjer han medlemmar av den same familien gjennom to generasjonar. Hovudpersonen tar utdanning og lærer å kjenne nye tankar. Han kjem attende, og etter kvart får dei nye, radikale tankane fotfeste også i heimbygda. Framsteg i næringsliv og tenkesett blir i den siste boka kopla opp mot Arbeiderpartiets overtaking av politisk makt. Berg var utan tvil inspirert av den nye tida med kriseforlik og Johan Nygaardsvolds sosiale reformer.

Lars Bergs gjennombrott som forfattar kom med romanen Du skal svare (1936). Her fortel Berg historia om familien Skarnes i to generasjonar. Rønnaug Skarnes, som elles er vettig og vakker, fell for den infame psykopaten Kristian Skarnes, som bind henne fast med «ormeauga» sine og den fysiske seksualiteten sin. Skildringa av deira første seksuelle møte er kraftig og konkret, direkte og realistisk, rik på detaljar både på det psykologiske og fysiologiske planet. Og det som skil denne skildringa frå nesten alle liknande framstillingar i norsk litteratur, er skildringa av seksualitet som natur:

«Da hendte noe, han vart vill, rasande. Ho vart nesten sleten ut av alle tankar, slo auga opp og såg eit andlet ho ikkje kjente att. Ho vart mest redd med det same, men så var det brått som ho var i eit uvér. Han sleit klea av henne, ho hørte det revna i dem, han klorte, beit. Ho var så forferd at ho kunde ikkje tenke, kjente bare at no var ho eit fjom i uvéret.
Så kvelvde han seg over henne, var som eit fjell, kramsa over henne, klorte, kleip. No, no hendte alt. Ho kjente brått at det var dette uvéret ho hadde ant, ønsket og vore redd, det hadde bare vore borte frå alle tankar. No var ho i det, kjente det var uråd å stri imot, ho gav etter, slappa av i kroppen så det suste og tirte i henne, let han åpne seg.»

Den sterke blir svak når han elskar. Den svake blir ofte tyrann.

Lars Berg gav ut seks romanar etter krigen. Det er breitt anlagde sosialrealistiske romanar frå Nord-Noreg, om organiseringa av fiskarane i Kvinna og havet (1950) og Vi må ro i natt (1951). Med romanen Her er sedejord nok (1954) tar Lars Berg opp temaet menneska og religionen. Sjølv om Berg lar svepa laupe over ryggen på omvendingspredikantane, så er det tydeleg at han skriv om Føraren og Nazistane – sjølv om det er lagt til ei nordnorsk bygd, og med stort innslag av humor og skjemt. Boka vekte stor merksemd og valdsamt rabalder i radio og aviser. Psykologen Ingjald Nissen gav Berg mange lovord for hans forståing og tolking av det som skjer når eit menneske gjev seg over til blind tru: «Han (Berg) behandler en sak – et dyptgående problem – som vitenskapen i to mannsaldre har kjempet med, og som den vel fremdeles er i villrede med, nemlig spørsmålet om hvorledes et diktatur kan vokse opp og stabilisere seg i et samfunn.» (Arbeiderbladet 09.02.55).

Berg debuterte som dramatikar med «Maria» (1959) på Det Norske Teatret. Teaterstykket Petter Dass (1967) blei urframført på Hålogaland Teater i 1984. Dei to siste romanane hans handlar om den finske innvandringa til Nord-Noreg. I romanane Dei varme kjeldene (1966) og Den lange vegen (1967) følgjer vi Thure Granberget frå dei finske skogane til kysten av Nord-Norge. Den tredje romanen, Fritt Menneske låg uferdig då forfattaren døydde i 1969.

Litteraturhistorikar Arild Haaland skreiv følgjande om Lars Bergs forfattarskap i Syn og Segn (1967): «I emneval er bøkene aktuelle og nærverande, og likevel på sida av den litterære hovudstraumen i Noreg i dag. Lars Berg var føre si tid når det gjeld den opne innstillinga til det seksuelle. … Det som gjer forfattarskapen til ei oppleving fylt av rikdom og ettertanke, er at han tumlar med sentrale og tidlause problem. Vidare er det den generøse innstillinga og det omsynslaust opne som ber skildringane, og det at vi blir førte inn i ei fascinerande, reindyrka handlingsverd.»

Ved 100-årsjubileet for Lars Bergs fødsel blei eit utval av novellene hans gitt ut under tittelen Båten og mannen og andre noveller (2001), og utvalde dikt og prologar blei gitt ut i Steingaren framfor havet (2001).

Målmannen[1]

Interessa for nynorsk (landsmålet) blei tidleg vekt hos Lars Berg. 17 år gammal var han elev på Solhov folkehøgskole, og hausten 1919 tok han til på lærarskolen i Tromsø, og her var det mange målfolk, dei tre «fanatikarane» som kom denne hausten var Martin Strømnes, Gunnar Gabrielsen (Garfors) – og Lars Berg.

Frå 1924 var Lars Berg lærar i heimbygda si, Buvika i Hillesøy herad, og i nabokrinsen Sommarøya. Hausten 1929 blei det halde røysting om skolemålet i Buvik krins, og av dei 29 frammøtte røysta 25 for nynorsk. 31. desember 1929 vedtok skolestyret å innføre nynorsk i Buvik skolekrins.

7. juli 1932 kalla Lars Berg saman lærarar frå dei tre nordlegaste fylka til eit møte i Tromsø for å skipe Hålogaland lærarmållag. Laget sendte blant anna ut skriv til alle skolane som berre hadde bokmålsopplæring, og resultatet blei at 12-13 kommunar i Troms og Finnmark, med om lag 200 skolekrinsar, valde å innføre nynorsk som «bimål» (sidemål) i skolen. Laget var også opptatt av å skjerpe krava til nynorskstilen til artium og å få innført prøver i nynorsk til mellomskoleeksamen.

Lars Berg hadde også tankar om å få til ein nynorsk ABC for nordnorske forhold, og Troms fylkesmållag oppmoda han også om å få dette til. Men dette arbeidet blei det ikkje noko av.

I 1934 var Lars Berg med å skipe Noregs lærarmållag. Han flytta til Oslo, og arbeidet i Hålogaland lærarmållag blei ikkje halde fram. Lars Berg var leiar i Noregs lærarmållag til 1935.

Etter krigen kom Lars Berg til Tromsø att, og sommaren 1947 tok han initiativet til å få til eit stort målmøte, eit målting, for Troms, som blei halde i månadsskiftet oktober – november. Dei to viktigaste sakene var oppattskiping av Troms fylkesmållag og «Framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke» som Lars Berg hadde formulert. I dette framlegget var det særleg tilnærmingsformene som Lars Berg slo til lyd for, og det var truleg ein av grunnane til at Nordlys skreiv at tromsdialektane var eit godt grunnlag for samnorsken.

Lars Berg var også aktiv i Noregs Mållag, og i 1961–1964 var han formann i Tromsø og omland mållag. To viktige saker som laget arbeidde med var å få utarbeidd ein grammatikk over dialektane i Troms og stø arbeidet med å gje ut Johan Hvedings «Håløygsk ordsamling».[2]

Landslaget for språklig samling blei skipa i 1959, og laget sette ned ei nemnd som skulle komme med framlegg om ein samlenormal som bygde på tilnærmingsformene i nynorsk og bokmål. Lars Berg var ein av medlemmane i nemnda som leverte Framlegg til samlenormal i 1966.

Lars Berg må nok ha sett at tilnærmings- og samnorsklina ikkje hadde noko framtid, for i 1965 kom han med i ei nemnd som Noregs Mållag sette ned for å komme med tilråding om eit målpolitisk program. Ei samrøystes nemnd skreiv: «Den programmatiske tilnærmingslinja kan ikkje lenger vera ei rettesnor for målreisinga.»

Hålogaland teater

Lars Berg vert regna som Hålogaland teaters «far». Han lanserte ideen om eit profesjonelt, nordnorsk teater allereie i 1938. Han kjempa utrøytteleg for etablering av teaetret i 30 år, i mange år nesten heilt åleine, og det var han som formulerte slagordet:

Nordnorsk mål på nordnorsk scene

Lars Berg

.

Banebrytar, stridsmann og døropnar

Førsteamanuensis Nils Magne Knutsen ved Universitetet i Tromsø oppsummerer Lars Bergs virke slik i boka «Han som gjekk først»:
«Ved at han valgte å bli boende nordpå, og ved at han var den krigeren han var, så fikk han en betydning for nordnorsk kulturdebatt og nordnorsk kulturvokster som ingen av de andre forfatterne fikk. Han satt her i Tromsø og var et stadig like hissig uromoment, engasjerte seg, skrev avisinnlegg, kjempet for teater eller hva det nå kunne være. Etter hvert ble han på den måten en hel liten kulturrevolusjon ganske alene». «Lars Berg sto der som et privat stormsenter og insisterte på å være nordlending». «Og det er slik jeg tror han vil bli stående i nordnorsk litteraturhistorie: Som provokatør og banebryter i 1930-åra, som stridsmann i etterkrigstida, og som døråpner for den blomstringa i nordnorsk kulturliv som kom etter hans død».

Prisar

  • 1938: Melsom-prisen for Fire søsken går ut.
  • 1968: Mads Wiel Nygaards legat

Verk

  • Men det var det ingen som visste, roman 1934
  • Du er den første kvinne, roman 1935
  • Du skal svare, roman 1936
  • Fire søsken går ut, roman 1937
  • Han som går først, roman 1938
  • Og landet tok til å leve, roman 1939
  • Kvinna og havet, roman 1950
  • Vi må ro i natt, roman 1951
  • Her er sedejord nok, roman 1954
  • Maria, skodespel 1959 (høyrespel 1965)
  • Du har rett til å leve, roman 1965
  • Dei varme kjeldene, roman 1966
  • Den lange vegen, roman 1967
  • Petter Dass, skodespel 1967 (urframført 1984)
  • Båten og mannen og andre noveller, 2001
  • Steingaren framfor havet, dikt 2001

Høyrespel (NRK, Radioteatret)

  • Maria (1965)

Litteratur

  • Einride Berg: «Lars Berg. Ein bibliografi». Ravnetrykk nr 24, Universitetet i Tromsø (Tromsø 2001, 133 sider)
  • Einride Berg: Etterord. «Steingaren framfor havet». Orkana Forlag 2001
  • Eivind Berggrav: «Magasinet. Bladet som skapte kulturhistorie». Tiden Norsk Forlag 1979
  • Willy Dahl: «Fra 40-tall til 70-tall». Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Willy Dahl: «Norges litteratur» bd. 2. Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Olav Dalgard: «Antipuritanisme – sosial realisme. Om Lars Bergs romandikting». Norsk litterær årbok 1979
  • Jens Harald Eilertsen: «Teater utanfor folkeskikken. Nordnorsk teaterhistorie fra istid til 1971». Orkana forlag (Stamsund 2004, 351 sider)
  • Jens Harald Eilertsen: «Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971-2000». Orkana forlag (Stamsund 2005, 416 sider)
  • Anton Fjeldstad og Olaf Kran (red.): «Ti år med HT». Trohaug Forlag 1981
  • Barbara Gentikow: «En skitten strøm». Gyldendal Norsk Forlag 1974
  • Nordahl Grieg: «Veien frem». Gyldendal Norsk Forlag 1947
  • Klaus Grøneng: «En blodig dokumentasjon fra oppgjøret med Rinnanbanden». Midt Norsk Forlag 1950
  • Bjørn Hall-Hofsø: «Nordnorsk amatørteater gjennom 25 år». HATS 1979
  • Arvid G. Hanssen: «Arbeideren i norsk diktning». Tiden Norsk Forlag 1960
  • Arild Haaland: «Lars Berg – ein studie i det radikalt kroppslege». Syn og Segn 1967
  • Asbjørn Jaklin: «Nordlendinger til tusen 2: Vår egen tid». 2001
  • Asbjørn Jaklin: «Historien om Nord-Norge». Gyldendal 2004
  • Asbjørn Jaklin: «De dødsdømte». Gyldendal 2011
  • Nils Magne Knutsen: «Norsk biografisk leksikon». Kunnskapsforlaget 1999
  • Nils Magne Knutsen: Forord «Båten og mannen og andre noveller». Tiden Norsk Forlag 2001
  • Petter Larsen: «Da så de våren komme». Tiden Norsk Forlag 1983
  • Aud Kirsti Pedersen: «Målmannen Lars Berg – organisasjonsmannen». Ravnetrykk nr 31, 2004, s. 116-132
  • Nils Johan Ringdal: «Ordenes pris. Den Norske Forfatterforening 1893-1993». DNF 1993
  • Nils Johan Rud: «Av et halvt hundre år». Gyldendal Norsk Forlag 1973
  • Arne Stai: «Norsk kultur- og moraldebatt i 1930 årene». Gyldendal Norsk Forlag 1954
  • Finn Stenstad: «Fram fra de hundrede mile». Universitetsforlaget 1992
  • Aud Tåga og Helge Stangnes (red.): «Han som gjekk først. Forfattaren, skolemannen og kulturforkjemparen Lars Berg». Ravnetrykk nr 31, Universitetet i Tromsø (Tromsø 2004, 200 sider)
  • Nils A. Ytreberg: «Tromsø bys historie» bd. III. 1971
  • «Troms, bygd og by i Norge». Gyldendal Norsk Forlag 1979
  • «Tromsø gjenom 10000 år» bd. 3 og 4. Tromsø kommune 1994

Fotnotar

  1. Aud Kirsti Pedersen: «Målmannen Lars Berg – organisasjonsmannen». Ravnetrykk nr 31, 2004, s. 116-132
  2. Nordlys, torsdag 13. juni 1963: «Grammatikk over Troms-dialekter ferdig i 1964» [1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Lars Hansen

Lars Georg Hansen (1869–1944) var en norsk forfatter fra Tromsø som ble kjent som «ishavsforfatteren». Han ga ut 18 bøker fra 1926 til 1944.

«Ishavsforfatteren» Lars Hansen (1869–1942) og Gulbrand Lunde (1901–1942), propagandaminister i Quislings NS-regjering under andre verdenskrig.

Lars Hansen vokste opp og bodde i Tromsø der han en periode også var lokalpolitiker for Venstre og Høyre, blikkenslager og reder.[4] Fra 1922 til 1925 var han løsarbeider i USA.[4] Han var gift med Ragna Zachariassen, datter av ishavsskipper Søren Zachariassen.

Temaer og motiv i bøkene hentet Hansen framfor alt fra ishavsfangst og livet blant kystbefolkningen i Troms og på Svalbard på slutten av 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet.

Hansen er i stor grad glemt etter sin død på grunn av medlemskapet og engasjementet i Nasjonal Samling (NS), Quislings nasjonalistiske fascistparti, under andre verdenskrig. Hansen gjorde seg ikke nevneverdig politisk bemerket under krigen. To av bøkene hans kom ut på tysk i Frontbuchhandelausgabe für die Wehrmacht, bokutgivelser for tyske soldater 1939–1945. Dette var Die weiße Hölle – Zwei Erzählungen (debutboka I Spitsbergens vold fra 1926) og novellesamlinga Im Schnee und Nordlicht (I sne og nordlys fra 1936).

Lars Hansen avgikk ved døden i 1944.

Bibliografi

  • 1944: Odin klarte det: roman
  • 1942: Skarvereiret
  • 1940: Hårde tider har vi døiet
  • 1940: Pegasus på flukt
  • 1939: Beitsaren: ishavsroman
  • 1938: Storfossen
  • 1937: På vivanke
  • 1936: I sne og nordlys: noveller
  • 1935: Keiserlosen
  • 1934: De fem ishavsgaster: roman
  • 1933: Kongen på Råsa: roman
  • 1932: Bjørnar Bålk og hans slekt
  • 1931: Håkjerringkjeften: roman
  • 1930: Forbannelsen
  • 1929: «Hvalrossen» av Tromsø: roman
  • 1928: En havets sønn: roman
  • 1927: Jens Sørskar: roman
  • 1926: I Spitsbergens vold

Referanser

  1. ^ Merkedager : fødselsdager, stiftelsesdatoer, begivenheter, urn.nb.no[Hentet fra Wikidata]
  2. ^ a b Norsk biografisk leksikon, oppført som Lars Georg Hansen, Norsk biografisk leksikon ID Lars_Hansen, besøkt 9. oktober 2017[Hentet fra Wikidata]
  3. ^ Bibliothèque nationale de France (på fr), Autorités BnF, BNF-ID 12751612k, Wikidata Q19938912, https://data.bnf.fr/ 
  4. ^ a b Omtale i Norsk biografisk leksikon

Litteratur

  • Birkeland, B./Ugelvik Larsen, S.: Nazismen i norsk litteratur,1975, Nasjonalsosialister i norsk diktning, 1943

Eksterne lenker


Britt Karlsen

Britt Karlsen (født 20. september 1943 i Gryllefjord, død 22. februar 2023 i Bergen[2]) var en norsk forfatter.

Bakgrunn

Karlsen vokste opp i Tromsø, og bosatte seg senere i Rådal i Bergen.[3][4]

Forfatterskap

I 1995 ga Karlsen ut den historiske romanen Koffardikapteinen på Aschehoug forlag.[3] Romanens handling utspiller seg i første halvdel av 1800-tallet. En av hovedfigurene er kapteinen på koffardiskipet «Venus» av Bergen, danske Rasmus Christensen, som forelsker seg i den vakre, unge Maren Marie fra Lødingen i Troms. Handelsstedet Tjeldsund i Troms er et sentralt sted i romanen.[3]

I et intervju i 1995 fortalte forfatteren at romanen bygget på virkelige hendelser, og at virkelighetens Rasmus Christensen var hennes tipp-tipp-oldefar.[5]

Bibliografi

  • 1995: Koffardikapteinen (roman), Aschehoug[6]

Referanser

  1. ^ a b c memcare.com, besøkt 30. juli 2023[Hentet fra Wikidata]
  2. ^ «Britt Karlsen – Minneside». Memcare Notify (engelsk). Solstrand Begravelsesbyrå. Besøkt 14. april 2023. 
  3. ^ a b c «Fargerik underholdningsroman fra Tjeldsund». Fremover. Narvik. 2. desember 1995. 
  4. ^ Artikkel om Britt Karlsen i Nordlys 26. august 1995, skrevet av Per Kristian Olsen
  5. ^ «Suksess-bok om Sandtorgholmen». Harstad Tidende. 8. november 1995. 
  6. ^ Karlsen, Britt (1995). Koffardikapteinen. Aschehoug. ISBN 8203175708. 

Kilder

Eksterne lenker


Ivar Enoksen

Ivar Eivin Enoksen (1940–2024) var en norsk journalist og forfatter.[3] Han har virket både innen presse, fjernsyn og film. Enoksen var bosatt i Flakstadvåg på Senja.

Han utga i 1993 biografien Bilder i havlys om kunstneren Dagfinn Bakke, og kom i 1999 med romanen Lanternene ved Karabiga. Han jobbet i stor grad med materiale om Nordkalotten, noe som også omfattet kontroversielt, politisk materiale. Som ung frilansjournalist laget Enoksen i 1971 et program om den norske spionen Selmer Nilsen, som hadde arbeidet for Sovjetunionen fra 1948 til 1967 før han ble avslørt. Den gang stanset NRK Enoksens program. Det ble først vist 37 år etter at det var ferdig.[4]

I 1988 fikk Enoksen Amandaprisen for seriemanuskriptet til Nattseilere, som gikk på NRK samme år. Enoksen arbeidet også som lærer i filmdramaturgi.

Bibliografi

  • Bilder i havlys – (1993)
  • Lanternene ved Karabiga – roman (1999)
  • Tusen glemte menn : og historien om den egentlige James Bond – (2005)
  • Berg og Torsken bygdebok : Bind 3 : Ytterst i vest – (2011)
  • Karlsen – roman (2016)[5]

Referanser

  1. ^ a b «Ivar Eivin Enoksen | Minneside», verkets språk bokmål, utgitt 16. mai 2024, besøkt 21. mai 2024[Hentet fra Wikidata]
  2. ^ Trond Sandnes Folkebladet, «(+) Forfatter og filmskaper Ivar Enoksen er død», verkets språk bokmål, utgitt 10. mai 2024, besøkt 21. mai 2024[Hentet fra Wikidata]
  3. ^ «Forfatterkatalogen – Finn ein forfattar!». www.forfattersentrum.no (på norsk). Besøkt 21. mai 2024. 
  4. ^ Hansen, Ståle (25. oktober 2013). «Spionprogrammet NRK nektet å sende». NRK. Besøkt 21. mai 2024. 
  5. ^ «Bokaktuell vil tilbake til den gode historien». folkebladet.no. 13. desember 2016. Besøkt 21. mai 2024. 

Eksterne lenker

  • (en) Ivar Enoksen på Internet Movie Database Rediger på Wikidata
  • (no) Digitalt tilgjengelig innhold hos Nasjonalbiblioteket: bøker av Ivar Enoksen


Heine T. Bakkeid

Heine Torgersen Bakkeid (født 15. januar 1974 i Gratangen) er en norsk forfatter. Bakkeid vokste opp på Belnes i Gratangen og i Kvæfjord ved Harstad og bodde så flere år i Stavanger. Senere ble han igjen bosatt i Kvæfjord.

Bakkeid har en bachelorgrad i systemutvikling. Han debuterte i 2005 med den humoristiske science fiction-romanen Bobejim – spesialagenten. Krimbøkene hans er utgitt i 18 land.

Bibliografi

  • Boblejim – spesialagenten – ungdomsroman, Tun forlag (2005)
  • Uten puls – roman, Aschehoug (2006)
  • Hjerteknuseren – ungdomsroman/survival horror Aschehoug (2008)
  • Dr. Schnabels krønike I – Vampyrjegeren – ungdomsroman/historisk horror, Aschehoug (2010)
  • Dr. schnabels krønike II – De døde hus – ungdomsroman/historisk horror, Aschehoug (2011)
  • Dr. Schnabels krønike III – Eksorsisten – ungdomsroman/historisk horror, Aschehoug (2012)
  • Dr. Schnabels krønike IV – Knokkeløya – ungdomsroman/historisk horror, Aschehoug (2013)
  • Tjernet – ungdomsroman/horror, Egmont Serieforlaget (2014)
  • Jeg skal savne deg i morgen – kriminalroman, Aschehoug (2016)
  • Møt meg i paradis – kriminalroman, Aschehoug (2018)
  • Vi skal ikke våkne – kriminalroman, Aschehoug (2019)
  • St. Avenger – kriminalroman, Aschehoug (2021)
  • Sorgsankeren – kriminalroman, Aschehoug (2024)
  • Nattseileren – kriminalroman, Aschehoug (2025)

Referanser

  1. ^ Forfatterkatalogen, besøkt 20. februar 2021[Hentet fra Wikidata]

Kilder

Eksterne lenker

Forrige mottaker:
Sven Petter Næss
Vinner av Rivertonprisen

(2021)
Neste mottaker:
Torkil Damhaug


Edmund Edvardsen

Edmund Wilhelm Edvardsen (født 1943) er en norsk professor og forfatter, bosatt i Hansnes i Troms.

Han er professor i pedagogikk ved Universitetet i Tromsø[1][2]

Edvardsen debuterte skjønnlitterært i 2003, med romanen Boston.

Bibliografi

  • Den gjenstridige allmue : Skole og levebrød i et nordnorsk kystsamfunn ca. 1850-1900, sakprosa, Solum (1989)
  • Himmel og hav – et finnmarksbrev, sakprosa, Davvi Girji (1996)
  • Nordlendingen, sakprosa, Pax (1997)
  • Boston, roman, Orkana forlag (2003)
  • Som skrift i vann, roman, Orkana forlag (2004)
  • Samfunnsaktiv skole : en skole rik på handling, fagbok, Oplandske Bokforlag (2004)
  • Klientens stemme : Hjelperens blikk, med Halgeir Holthe, Universitetsforlaget (2013)

Referanser

  1. ^ ««Edmund Edvardsen» på Universitetsforlagets nededsider». Arkivert fra originalen 8. desember 2015. Besøkt 2. desember 2015. 
  2. ^ ««Edvardsen, Edmund» Universitetet i Tromsøs nettsider». Arkivert fra originalen 8. desember 2015. Besøkt 2. desember 2015. 

Kilder


Eirik Reppen

Eirik Reppen (født 1967) er en norsk økonom og forfatter. Han er utdannet MBA – Master of Business Administration fra Handelshøyskolen BI 1991.

Reppen debuterte som spenningsforfatter med finansthrilleren Machosyndromet høsten 2009 på Gyldendal forlag. Den ble solgt i ca 9 000 eksemplarer. Høsten 2025 kom han ut med thrilleren «RAN!» på eget forlag.

Besøk hans hjemmeside: https://eirikreppen.no

Yrkesbakgrunn

  • Fra mai 2010 til august 2018: Head of Investment Sales – Wealth Management i Danske Bank.[1]
  • Juni 2002 – november 2008: Markeds- og kommunikasjonsdirektør i Orkla Finans
  • August 2000 – juni 2002: Adm. Direktør i Mustang
  • Januar 1995 – mai 2000: Markedsdirektør i Acta
  • Januar 1992 – mai 1995: Finansrådgiver i Senter for Økonomisk rådgivning AS

Bibliografi

  • Alternative Investeringer – (red.) Gyldendal 2006
  • Equity – investormagasin utgitt av Orkla Finans (red.) 2007-2008
  • Machosyndromet – spenningsroman, Gyldendal 2009
  • Ran! – spenningsroman, Reppen forlag 2025

Referanser

  1. ^ «DanskeBankNo on Twitter». Twitter (på norsk). Besøkt 18. august 2018. 


Fridtjof Knutsen

Fridtjof Kornelius Knutsen (1894–1961) var en norsk journalist, oversetter og forfatter. Han debuterte i 1933 med romanen Så underslår vi litt, med handling fra forretningslivet, og skrev senere kriminalromaner. Han var én av forfatterne som bidrog til detektivserien om Knut Gribb.

Han arbeidet som journalist i Tidens Tegn fra 1913 til 1934, og deretter og frem til sin død var han kriminalreporter i Aftenposten, med et avbrudd under andre verdenskrig.

Fridtjof Knutsen var medvirkende til at den siste av Hoel-sakene ble avdekket som et justismord.

Bibliografi

Under eget navn

  • 1933: Så underslår vi litt
  • 1934: Ikke et ord i avisen!
  • 1934: Provokatøren
  • 1936: Det kommer for en dag
  • 1938: Han som forsvant
  • 1942: Handelsreisende Vigaard slipper ikke inn
  • 1943: Med førstebetjenten på bryllupsreise – sammen med Lalli Knutsen
  • 1949: De tause vitner – medforfattere: Charles Bruff og Georg Svendsen

Under pseudonymet «Karl Spanser»

I perioden 1942–1945 ga Knutsen ut fire bøker i samarbeid med den pensjonerte politimannen Olav Sondresen Kvaalen, under pseudonymet «Karl Spanser»[3]:

  • 1942: – Og så kom politiet : av en oslodetektivs opplevelser, Forlagshuset[4]
  • 1943: Mens stor-Oslo sover : av en Oslodetektivs opplevelser, Forlagshuset[5]
  • 1943: Her lukter svidd –, Forlagshuset[6]
  • 1945: Det begynte i Vaterland, Forlagshuset[7]

Familie

Han var gift med Lalli Knutsen, som også skrev kriminalhistorier, var far til forfatteren Mette Newth og redaktøren Eldri Sandborg, samt morfar til den populærvitenskapelige forfatteren Eirik Newth.

Referanser

  1. ^ a b Kommunal folketelling 1923 for Kristiania kjøpstad, www.digitalarkivet.no, oppført som Fridtjof Kornelius Knutsen[Hentet fra Wikidata]
  2. ^ Aftenposten, «Fridtjof Knutsen død», utgitt 5. august 1961[Hentet fra Wikidata]
  3. ^ Wahlstrøm, Thorbjørn (2009). «Næringsliv». Langs ælva : Minner fra Follestad og Bøleveien. Genius forlag. s. 71. 
  4. ^ Spanser, Karl (1942). – Og så kom politiet. Oslo: Forlagshuset. 
  5. ^ Spanser, Karl (1943). Mens stor-Oslo sover. Oslo: Forlagshuset. 
  6. ^ Spanser, Karl (1943). Her lukter svidd –. Oslo: Forlagshuset. 
  7. ^ Spanser, Karl (1945). Det begynte i Vaterland. Oslo: Forlagshuset. 


Line Merethe Nyborg

Line Merethe Nyborg (født 14. desember 1969) er en norsk romanforfatter, tekstforfatter og manuskonsulent fra Bardu, bosatt i Årøysund på Nøtterøy.

Hun mottok Havmannprisen i 2012 for romanen Du vet ikke hvem jeg er. Alle romanene hennes er gitt ut på Cappelen Damm.

Bibliografi

  • 2010: Bare mamma som er Gud
  • 2012: Du vet ikke hvem jeg er
  • 2015: For deg, for deg alene
  • 2017: Det andre barnet
  • 2019: Hund som ser ned
  • 2021: Hvordan ser lengsel ut
  • 2026: Kamera

Referanser

  1. ^ litteraturivestfold.com[Hentet fra Wikidata]

Kilder

Eksterne lenker

Forrige mottaker:
Frank A. Jenssen
Vinner av Havmannprisen

(2012)
Neste mottaker:
Ellisiv Lindkvist


Dag Skogheim

Dag Skogheim (1928–2015)[3] var en norsk lærer, forfatter og kulturarbeider.

Han ga ut både skjønnlitteratur og faglitteratur, og brukte mye dokumentarisk materiale i sine romaner. Hans forfatterskap var nært knyttet til dramatiske hendelser i nordnorsk historie og hentet motiver fra arbeiderbevegelse, andre verdenskrig, tuberkulose og folkeminner fra Nord-Norge. Han gjorde en stor innsats for å formidle tuberkulosens historie i Norge.[4]

Han ble utnevnt til statsstipendiat i 1992. 7. november 2008 ble han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

Liv

Dag Skogheim vokste opp i Brønnøysund i en familie på fem. Hans foreldre var lærer og offiser Halvdan Marius Pettersen Skogheim (1901–1974) og husmor Edel Markussen (1906–1993). I familien stod fortellertradisjonene sterkt, og han fikk tidlig høre gamle sagn og folketoner.

Under krigen ble familiens hjem, Skogheim, rekvirert av okkupasjonsmakten, og hans far ble i to omganger fengslet og sendt til Falstad fangeleir. I 1943 ble han som fjortenåring diagnostisert med lungetuberkulose.[4] Den første tiden lå han isolert på et rom hjemme, og senere ble han innlagt på ulike tuberkuloseinstitusjoner. Han var innlagt først på Vensmoen Sanatorium i Saltdal, deretter Helseheimen i Namsos og siden til Grefsen folkesanatorium. Han gjennomgikk de fleste av den tidens behandlingsmetoder; liggekur, blåsebehandling og den såkalte «storoperasjonen». Mens han var innlagt på Vensmoen, kom han i kontakt med gruvearbeidere som hadde arbeidet på de store anleggene i landsdelen – blant annet i Sulitjelma. Gjennom dem fikk han innsikt i disse arbeidernes kamp for bedre arbeidsforhold og levekår i arbeiderbrakker.

På grunn av langvarig sykdom i ungdomsårene gikk Skogheim glipp av vanlig skolegang, men tok examen artium i 1955 som privatist. Deretter tok han pedagogisk utdanning ved Elverum lærerskole, og senere engelsk grunnfag ved lærerhøyskolen i Trondheim og folkeminnevitenskap ved Universitetet i Oslo.

Mellom 1961 og 1972 arbeidet han som lærer i realskole og ungdomsskole i Ålesund, Rendalen og Asker. I Asker jobbet han fram en alternativ livssynsundervisning for de elevene som hadde bedt seg fritatt fra kristendomsundervisningen. Dette arbeidet ble senere grunnlaget for livssynsfaget som ble innført som alternativ til kristendomsfaget på landsbasis.

Forfatterskap

Skogheims første utgivelse var diktsamlingen …gagns menneske i 1970, hvor han tar et oppgjør med flere sider av norsk skolevesen.[5] Fra 1972 arbeidet han som forfatter på heltid. Det litterære gjennombruddet fikk han med romanen Sulis, hvor handlingen er lagt til Sulitjelma og miljøet rundt gruve- og anleggsarbeidere på Nordkalotten.

Skogheim var kjent for å gjøre et grundig forarbeid til sine utgivelser. Han har intervjuet en mengde informanter om ulike tema, og sammenholdt opplysninger fra flere personer og annet arkivmateriale for å få fullstendig og nøyaktig oversikt over et tema eller en hendelse.

Han valgte ofte å fortelle historien nedenfra – fra synsvinkelen til arbeideren, soldaten eller pasienten, og fikk på den måten en mer personlig framstilling av store og dramatiske hendelser i nordnorsk historie.

Han har skrevet om tuberkulosens historie, dels med utgangspunkt i egen sykehistorie. Han holdt først sin egen sykdom skjult, men sto i 1982 frem i NRK radio med sin personlige historie.[4] Skogheim ga ut flere bøker om tuberkulosen, alt fra fagstoff om sykdommens historie og de ulike behandlingsmetodene som har vært i bruk, til hans egne memoarer fra sin tid som pasient. Han utforsket og analyserte sykdommen også med tanke på de menneskelige og sosiale virkningene av den, og han så på hvilke kunstneriske ytringer som sykdommen er opphav til.

Arbeiderbevegelsen og dens historie var et hovedtema i Skogheims forfatterskap. Han var opptatt av å belyse og løfte fram nordnorske arbeideres kamp for bedre arbeidsvilkår, og da særlig kvinnenes rolle i denne kampen. Temaet var gjenstand for både fiksjon- og fakta-bøker fra Skogheim. Han flettet også dokumentariske opplysninger inn i fiksjon i de skjønnlitterære utgivelsene.

Andre verdenskrig i Nord-Norge engasjerte Skogheim sterkt, også som sosialt og kunstnerisk fenomen. Dette resulterte i både fagbøker og skjønnlitteratur. Foruten å dokumentere de nordlandske soldaters innsats i blant annet felttoget gjennom Nordland i 1940, tok han også for seg fiendene fra den gang. Gjennom sitt arbeid kom han i kontakt med mange av de sist gjenlevende av dem som deltok, både nordmenn og tidligere soldater fra tysk side.

Folkeminnemateriale fra sørlige deler av Nordland var også gjenstand for Skogheims forfatterskap. Her tok han for seg blant annet gamle sagn, og letet etter kjernen av sannhet i dem. Gamle rettsprotokoller fra 1600- og 1700-tallet var viktige kilder i dette arbeidet. I tillegg befattet han seg med folkeminner rundt olavskilder, årets dager, folkeviser, overtro og andre tema fra landsdelen.

Arkivmateriale

Skogheims donerte sine arkiver til flere institusjoner. Tuberkulosematerialet ble i stor grad overført til medisinutdanningen ved Universitetet i Tromsø, mens en del relevant materiale ble overført til Arbeiderbevegelsens arkiv. Arkiv i Nordland har hovedtyngden av hans innsamlede materiale, katalogen er tilgjengelig på Arkivportalen.[6]

Bibliografi

Skjønnlitteratur

  • -gagns menneske – dikt (1970)
  • Gå stille – tal sakte – noveller (1973)
  • Hexhora – noveller (1978)
  • Sulis – roman (1980)
  • Café Iris – roman (1982)
  • November -44 – roman (1984)
  • Sølvhalsbåndet – roman (1986)
  • Osten – roman (1992)
  • Kaiser Wilhelm – barnebok (1994)
  • Redd tyskeren! – ungdomsroman (1995)
  • Erindringer om Thorvald – roman (2002)
  • Sju mann – roman (2006)

Som redaktør

  • Vi vil tænde – diktantologi (1975)
  • Viser og vers fra anlegg til gruve – diktantologi (1976)

Faglitteratur (utvalg)

  • Klassekamp under Nordlysflammer. Nordnorske arbeidere i kamp 1889-1918 (1973)
  • Kvinner i nord-norsk arbeiderbevegelse: Ellisif Wessel (1977)
  • «Blind-Fredrik» (1977)
  • Kvinner i nord-norsk arbeiderbevegelse: Gitta Jønsson (1978)
  • Kvinner i nord-norsk arbeiderbevegelse: Kathrine Bugge (1978)
  • Alarm : krigen i Nordland 1940 (1984)
  • Arbeidsfolk, Et jubileumsskrift for det Norske arbeiderparti 100 år (utgitt av Nordland Ap, 1987)
  • Tæring (1988)
  • Tre dager i mai (1988)
  • Portretter av en fiende (1989)
  • Tæring (1990) (sammen med Jan Karlsen)
  • Fiender og mennesker : krig over Sør-Helgeland (1990)
  • Torden i mars : Lofotraidet 1941 (1991) (sammen med Harry Westrheim og Bjørn Nilsen)
  • Gå foran, vis vei! : Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke gjennom 50 år (1993)
  • Krigsalbum (1995)
  • Med slukte lanterner (1998)
  • Sanatorieliv (2001)
  • Blod på hvit rose – erindringer (2012)

Som bidragsyter

  • 43 nordmenn henrettet i Falstadskogen (1995)
  • De røde Jærn – 7 foredrag fra Hamsundagene på Hamarøy 1996 (1997)
  • Hjertet hører sitt hjemlands toner Nordnorske stemmer (1997)
  • Narvik – krigen – litteraturen Foredrag fra det regionlitterære seminaret i Narvik i 1998 (1999)
  • Frisk luft og diett : Norske tuberkulosesanatorier Fortidsminneforeningen årbok (2000)

Priser og utmerkelser

  • Nordlys/LOs 1. pris for dokumentarberetning, 1977
  • Sarpsborgprisen 1982
  • Glåmdalens kulturpris 1984
  • Nordland fylkes kulturpris 1991
  • Nordisk grafisk forbunds kulturpris 1993
  • Havmannprisen 2001
  • Sverre Steen-prisen 2002
  • Sømna kommunes kulturpris 2003
  • Brønnøy kommunes kulturpris 2003
  • LOs kunstnerpris 2004
  • Kongens fortjenstmedalje i gull 2008
  • Levanger kommunes kulturpris 2012
  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs minnemedalje i gull 2015

Referanser

  1. ^ Autorités BnF, BNF-ID 120331122, besøkt 31. desember 2019[Hentet fra Wikidata]
  2. ^ arkiveringsdato 8. desember 2015, arkiv-URL web.archive.org, www.t-a.no, besøkt 31. desember 2015[Hentet fra Wikidata]
  3. ^ «Dag Skogheim er død». Trønder-Avisa. 4. desember 2015. Arkivert fra originalen 8. desember 2015. Besøkt 4. desember 2015. 
  4. ^ a b c Gjerdåker, Svein (11. desember 2015). «Dag Skogheim 1928-2015». Dag og Tid. s. 27. 
  5. ^ Dag Skogheim (1970). … gagns menneske. Oslo: Tiden. 
  6. ^ arkivportalen.no.[død lenke]

Litteratur

  • Hartviksen, Ivar og Stine, red. (2008). Dag Skogheim 80 år- en bibliografi. Narvik/Bodø: Nordland fylkeskommune i samarbeid med Tiden Norsk Forlag. ISBN 9788210050435. 

Eksterne lenker

Forrige mottaker:
Hanne Ørstavik
Vinner av Havmannprisen

(2001)
Neste mottaker:
Ragnhild Nilstun