Liv Marie Austrem

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 30. januar 1947 (77 år)

Yrke: Forfattar

Periode: 1985 –

Ektefelle: Jahn-Arill Skogholt

Debut: Vikagjengen

Liv Marie Austrem

Liv Marie Austrem (fødd 30. januar 1947)[1] er ein forfattar frå Vågå i Gudbrandsdalen. Austrem har mellom anna fått Brageprisen to gonger saman med Akin Düzakin for biletbøkene Tvillingbror og Tvillingsøster. Ho er cand.mag. med pedagogisk drama som spesialfelt.

Verk

Barne- og ungdomsbøker

  • 1985 – Vikagjengen. Barnebok. Norsk Barneblads Forlag
  • 1986 – Ingebjørg. Barnebok. Eide Forlag
  • 1987 – Det er ikkje di skyld, Hanne. Barnebok. Det norske Samlaget
  • 1988 – Runar vart 17 år. Ungdomsbok. Det norske Samlaget
  • 1991 – Sofie Månestråle og nissane Barnebok. (Ill. Bård Valberg) Eide Forlag
  • 1993 – Monas historie. Ungdomsbok. Det norske Samlaget
  • 1995 – Tvillingbror. (Ill. Akin Düzakin) Biletbok. Det norske Samlaget
  • 1997 – Tvillingsøster. (Ill.Akin Düzakin) Biletbok. Omsett til dansk. Det norske Samlaget
  • 1998 – Tonen som vart borte. (Ill. Ola Enstad) Barnebok . Det norske Samlaget
  • 2002 – Diamanten. (Ill. Akin Düzakin) Biletbok. Det norske Samlaget
  • 2004 – Skavanken. (Ill. Akin Düzakin) Biletbok. Det norske Samlaget
  • 2008 – Hund på kroken Lettlesbok. Det norske Samlaget

Romanar

  • 1995 – Gyda Det norske Samlaget.
  • 1997 – Rikkes reise Det norske Samlaget

Fagbøker

  • 1987 – Kvinnfolk i Lofoten. (Saman med Jahn-Arill Skogholt) Nordnorsk Magasin og Lofotboka Forlag
  • 1992 – Feskarbonden og andre kvinnfolk (Saman med Guri Ingebrigtsen) Orkana Forlag
  • 1994 – Vi står han ikkje alltid av. Mental Helse, Lofoten
  • 1996 – Fisk og kultur – nærstudium av eit fiskevær (Artikkel i Kulturårboka) Det norske Samlaget
  • 1999 – Møte med psykiatrien. Pasientar, pårørande og fagfolk fortel. Lærebok for høgskolen. Det norske Samlaget
  • 2006 – ‘ Hør, jeg har noe å fortelle., redaktør, Pårørande innan psykiatrien til å fortel sine historier. Gyldendal Akademiske
  • 2007 – Ellisif Wessel – Du ber om mit fotografi, saman med Elisabeth Johansen og Gro Røde. Orkana forlag
  • 2010 – Abafazi : møte med sør-afrikanske kvinner. Orkana forlag
  • 2013 – Bidragsytar i Førmødrenes stemmer – kvinneliv rundt stemmeretten. Pax forlag

Skodespel

  • 1991 – Tenn en gnist i bankende sinn. Om Ellisif Wessel. I Kirkenes
  • 1994 – Kvinner, krig og kjærlighet. Til Fredsjubileet i Kirkenes
  • 1999 – Verken Gud eller gråstein. Eit stykke om psykiatri, basert på boka Møte med psykiatrien
  • 2000 – Spor. For Samovarteateret i Kirkenes
  • 2000 – Prima vare. For Kulturskolen på Vestvågøy
  • 2007 – Hør! skrive for Landsforeningen for pårørende innen psykiatri saman med Düc Mai-The og Ingrid Vollan

Anna

  • Noveller, korttekstar og dikt i fleire antologiar
  • Fem seriar i Barnetimen for dei minste i NRK.
  • Medredaktør for antologien Når halen er god, noveller for barn. Det norske Samlaget 1997.

Prisar og utmerkingar

  • 1988 Nynorsk barnelitteraturpris for Runar vart 17 år
  • 1989 Vestvågøy kommunes kulturpris.
  • 1995 Brageprisen. (Saman. med Akin Düzakin) 1995. Barnebokklassen for Tvillingbror
  • 1997 Yttri-prisen. For god litteratur skriven på godt nynorsk. 1997.
  • 1997 Brageprisen. (Saman med Akin Düzakin) 1997. Biletbokklassen for Tvillingsøster

Referansar

  1. «Liv Marie Austrem (30.01.1947)». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord