Ivar Kleiva

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 17. mai 1903

Død: 5. mai 1998 (94 år)

Yrke: politikar, skribent

Språk: norsk

Politisk parti: Arbeidarpartiet

Ivar Kleiva

Ivar Krohn Gunvald Kleiva (17. mai 1903–5. mai 1998) var ein lærar, forfattar og lokalhistorikar frå Eidsdal på Sunnmøre, busett på Dalsøyra i Gulen kommune.

Kleiva avla lærareksamen i 1926 og arbeida som lærar i Torsken frå 1927 til 1940. I løpet av denne perioden tok han også ex.phil. ved Universitetet i Oslo, latinkurs, kurs i revisjon og bokholderi, snikkarkurs ved Statens husflidskole, Blaker, og kurs i fagteikning for snikkarar. I krigsåra var han lærar i Haram, før han kom til Gulen i 1946. Deretter var han rektor ved Dalsøyra skule fram til pensjonsalder i 1970.

Kleiva sat i Gulen kommunestyre for Arbeiderpartiet i 25 år, ei rekke av desse åra som formannskapsmedlem. Han var også kommunerevisor, medlem av skulestyret og leiar av Gula lærarlag, Gulen Arbeiderparti, Gulen Mållag og ungdomslaget «Fridom». Dessutan var han i 20 år dirigent for songkor, mellom andre Dalsøyra songkor.

For si samfunnsnyttige teneste vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv. I 1954 mottok han litteraturprisen Melsom-prisen til fremje av nynorsk.

Ivar Kleiva er far til biletkunstnaren Per Kleiva, som har illustrert to av faren sine bøker.

Bibliografi

Bøker

  • 1966 – På oppdagingsferd i Sogn (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1968 – Bussen (Larvik: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no
  • 1973 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga. 1 (Gulen: Gulen kommune) I fulltekst ved nb.no
  • 1973 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga. 2 (Gulen: Gulen kommune) I fulltekst ved nb.no
  • 1973 – På ferie til utkantgrenda (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1973 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga. 3 (Gulen: Gulen kommune) I fulltekst ved nb.no
  • 1981 – Dei to sverdsmedane (Oslo: Oktober). ISBN 82-7094-305-3 I fulltekst ved nb.no
  • 1985 – Noko om Teodora Nilsen og Hilmar Pettersens forfeder, ætt og etterkomarar (Bergen: I. Kleiva) I fulltekst ved nb.no
  • 1990 – Skisser og minne frå Gryllefjord i hardåra 1927-40 (Søfteland: I. Kleiva) I fulltekst ved nb.no
  • 1995 – Nedfallsfrukt : dikt (Valldal: Norddal mållag) I fulltekst ved nb.no
  • 1996 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga : B. 1 (Eivindvik: Gulen kommune). ISBN 82-7101-022-0 I fulltekst ved nb.no  [Prosjektleiar for 2. rev. utg.: Andreas Grinde]
  • 1996 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga : B. 2 (Eivindvik: Gulen kommune). ISBN 82-7101-021-2 I fulltekst ved nb.no  [Prosjektleiar for 2. rev. utg.: Andreas Grinde]
  • 1996 – Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga : B. 3 (Eivindvik: Gulen kommune). ISBN 8271010220 I fulltekst ved nb.no  [Prosjektleiar for 2. rev. utg.: Andreas Grinde]

I tillegg har han skrive kulturhistoria for Norddal kommune (Norddal bygdebøker III og IV)[1]

I tidsskrift – eit utval

Kjelder

  1. Kleiva, Ivar (1975): Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Band III. Kultursoge. Norddal kommune.
  • Gulen i gammal og ny tid
  • Bakke, Karl (1952) Norske skolefolk, bind 2, Dreyer forlag, Stavanger
  • Nekrolog, Aftenposten 15. mai 1998

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord