Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 26. januar 1951 (73 år) Balsfjord
Periode: 1991 –
Sjanger: Barnelitteratur, lyrikk
Debut: Ei jente for mye?
Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Anne Osvaldsdatter Bjørkli (fødd 26. januar 1951 i Balsfjord)[1][2] er ein norsk forfattar.
Ho debuterte med barneboka Ei jente for mye? i 1991, og har sidan skrive fleire barnebøker, ei ungdomsbok og ei diktsamling. Ho har også vore redaktør for Årbok for Malangen og Balsfjord i over femten år.[3]
I 2012 fekk Bjørkli Blixprisen for barneboka Huskereisa frå 2009.[4]
Bøker
- 1991 – Ei jente for mye? – Barnebok. Aschehoug (bokmål, dialekt i replikkar)
- 1995 – Ka no, Dokketrine? – Barnebok. Eide (nynorsk)
- 1998 – Med blåbærsaft på leppene – Barnebok. Eide (nynorsk)
- 1998 – Mantel – Diktsamling. Orkana (nynorsk)
- 2002 – Romund Olsen og godstolen – Barnebok. Illustrert av Kristian Finborud. Eide (nynorsk)
- 2004 – Når begeret er fullt – Ungdomsbok. Omslagsdesign av Kjersti Hjelmeland Brakstad. Eide (bokmål)
- 2009 – Huskereisa – Barnebok. Illustrert av Sissel Horndal, Margbok (nynorsk)
- 2014 – Herr Finkel–Barnebok. Illustrert av Anna Fiske. Margbok (bokmål)
- 2018 – Mens elva sover, omsetjng av Easterine Kires roman When the River Sleeps. Orkana (bokmål)
Andre utgjevingar
Anne Osvalsdatter Bjørkli har også publisert dikt og noveller i fleire antologiar. [1]
Bjørkli teiknar også, og ho har to gonger stilt ut tusjteikningar i Fjæragalleriet i Malangen, som Kine Hellebust driv. [2]
Referansar
- ↑ ««Anne Osvaldsdatter Bjørkli (26.01.1951)»». forfatterkataligen.no. Henta 18. februar 2016.
- ↑ «Presentasjon av Anne Osvaldsdatter Bjørkli». litteraturnettnordnorge.no. Henta 20. januar 2013.
- ↑ Tove Myhre (23. november 2012). «Bjørkli får Blix-prisen». Nordlys. Henta 20. januar 2013.
- ↑ ««Blix-prisen 2012 til Anne Osvaldsdatter Bjørkli»». LNK Nytt. 23. november 2012. Henta 20. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
- Bloggen til Anne Osvaldsdatter Bjørkli Arkivert 2015-10-03 ved Wayback Machine.
- Bøker av Anne Osvaldsdatter Bjørkli digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket