Tryggve Remmen

Fødd: 1903

Død: 1924 (21 år)

Verka som: skribent

Tryggve Remmen

Tryggve Remmen (1903–1924) var ein norsk musikar og forfattar fødd på garden Remma i Vefsn.

Tryggve Remmen ønskte å bli musikar og journalist. Han nådde langt som fiolinist, og han var bl.a. fast musikar ved kinoen i Mosjøen ei tid. Han vann også å skrive ei rekkje artiklar og noveller i fleire blad, som Den 17de Mai, Arbeidermagasinet, Midnattsol og Hvepsen.

I 18-19 års-alderen skreiv han bygdeforteljinga Det evige bruset, som gjekk som føljetong i Helgelands Blad i 1925. Forteljinga blei send ut som særprent same året, og ho blei gitt ut som bok på Marius Evjebergs forlag i 1952.

Utgjevingar

  • Det evige bruset. Fortelling. Sandnessjøen. 1925 (Nynorsk)
  • Det evige bruset. Forteljing frå Nordland. Marius Evjebergs forlag, Bøstad, 1952. 2. utgåve. 148 sider. (Nynorsk)

Kjelder

  • «Tryggve Remmen», i: Astrid Langjord: Skrifter 1909-55, Vefsn Kulturstyre, 1984, side 164-165 og side 194.


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA