Trond Hellemo

Fødd: 29. september 1940 (83 år) Lenvik

Yrke: skribent

Trond Hellemo

Trond Hellemo (fødd 29. september 1940) er ein norsk forfattar og salmediktar. Han er busett i Senjahopen og har arbeidd som lærar.[1]

Hellemo vart fødd i dåverande Lenvik kommune, no del av Senja. Han har skrive fleire librettoar til kyrkjelege spel med bibelske tema særleg retta mot konfirmantar.[2] Han brukar eit senjaprega nynorsk i dei fleste tekstane sine.

I 2004 fekk Hellemo Blixprisen for diktinga si for barn og unge og for salmar og tekstar til bruk i kyrkjeleg samanheng.[3]

Utgjevingar

  • 2018 – Den tredje kråkeboka : om overbærenheit og godt nabboskap
  • 2013 – Den andre kråkeboka. Om elgegutten og det store slektstreffet
  • 2009 – Kråkeboka. Om han kråkefar Krak og andre kjenninga
  • 2006 – No ror ei natt seg fra land : salmer og sanger – musikktrykk med musikk ved Ivar Jarle Eliassen
  • 2004 – Jubileumsmesse : Se, eg har sett framfor deg ei åpen dør : til 200-årsjubileet for opprettelsen av Hålogaland bispedømme – musikktrykk med musikk ved Bjørn Andor Drage
  • 2002 – Fortellinger fra Jesu liv : drama og musikk : 4 konfirmantopplegg – musikktrykk
  • 2001 – Utanfor allfarveg

Referansar

  1. «Nå blir det bok. En julegave med tid -». lokalavisa.no. 19. november 2001. 
  2. «Trond Hellemo -». allkunne.no. 25.03.2019. 
  3. «Blix-prisen for år 2004 til Trond Hellemo». BlixBlog. 18. november 2004. 

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord