Sigrid Merethe Hanssen
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 8. februar 1966 (58 år)
Yrke: Forfattar, lektor
Periode: 2007 –
Far: Arvid Hanssen
Debut: Sprang
Nettstad: sigridmerethehanssen.no
Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen (fødd 8. februar 1966)[1] er ein norsk forfattar og filolog frå Lenvik i Troms. Ho arbeider som lektor i norsk og bur på Finnsnes.[2]
Hanssen debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, som ho fekk Blixprisen for.[3] Novellesamlinga Ingen heime kom ut i 2009, og i 2011 kom barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Våren 2013 gav ho ut romanen Sofia.
Sigrid Merethe Hanssen er dotter til diktaren Arvid Hanssen.[4]
Bibliografi
- Sprang (novellesamling), Samlaget 2007 (nynorsk)
- Ingen heime (novellesamling), Samlaget 2009 (nynorsk)
- Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet (barnebok), illustrert av Åshild Irgens) Samlaget 2011 (nynorsk)
- Sofia (roman), Samlaget 2013 (nynorsk)
- Kom ei jente gåande (roman), Samlaget 2022 (nynorsk)
Andre
- «Over fjell» (novelle) i: Ingenmannsland. Nye nynorske noveller (side 62-80), Samlaget 2020 (nynorsk)
Prisar
- Blixprisen 2007
- Sigmund Skard-stipendet 2009[5]
Referansar
- ↑ «Sigrid Merethe Hanssen (08.02.1966)». forfatterkatalogen.no. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «Sigri Merethe Hanssen». Sigrid Merethe Hanssen. Henta 18. februar 2013.
- ↑ «Presentasjon av Sigrid Merethe Hanssen». Nettstaden til Samlaget. Henta 11. februar 2013.
- ↑ Ottar Fyllingsnes (23. februar 2007). ««Avgjerande augneblinkar»» (PDF). Dag og Tid / nynorsksenteret.no. Henta 15. februar 2013.
- ↑ Marianne Lystrup (19. august 2009). ««Forfattarpris»». Nettstaden til Vårt Land. Henta 20. august 2013.
Bakgrunnsstoff
- Presentasjon av Sigrid Merethe Hanssen i Forfatterkatalogen på Forfattersentrum sine nettsider
- Sigrid Merethe Hanssen på Samlaget sine nettsider
- Publikasjonar av Sigrid Merethe Hanssen i BIBSYS
Autoritetsdata |
---|