Ragnfrid Trohaug

Nasjonalitet: Norsk

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 23. desember 1975 (50 år) i Bodø

Yrke: Forfattar, omsetjar, redaktør

Periode: 2000 –

Debut: Okkupert kjærleik

Ragnfrid Trohaug

Ragnfrid Trohaug (fødd 23. desember 1975)[1] er ein norsk forfattar og forlagssjef.

Ho er fødd i Bodø, men flytta seinare til Bergen etter å ha tatt vidaregåande utdanning på United World College of the Atlantic i Wales. Ho er cand.mag frå Universitetet i Bergen, med eit uavslutta hovudfag i litteraturvitskap, med delfag i kvinne- og kjønnsteori, og mellomfag i kunsthistorie og spansk språk og latinamerikastudie. Ho har også gått på Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark.

Ragnfrid Trohaug har vore spaltist i Nordlands Framtid, Dag og Tid, Bergens Tidende og Klassekampen. I 2006 blei ho tilsett som barnebokredaktør i Det Norske Samlaget, etter Guri Vesaas.[2] I 2017 blei ho forlagssjef i Cappelen Damm Barn & Ungdom.[3][4]

Romanen Okkupert kjærleik er omsett til tysk, fransk og nederlandsk.

Prisar og utmerkingar

  • I 2000 fekk ho Blix-prisen, som blir delt ut til nordnorske forfattarar som skriv på nynorsk eller nordnorsk dialekt.
  • I 2000 fekk ho Kulturdepartementets debutantpris.
  • I 2002 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris[5]

Utgjevingar

  • Okkupert kjærleik – ungdomsroman, Det Norske Samlaget, 2000
  • Frå null til no – ungdomsroman, Det Norske Samlaget, 2001
  • Synd.no : antologi – (bidrag i antologi), redigert av Marit Eikemo, m.fl., Det Norske Samlaget, 2001
  • Dobbeltgjengaren – høyrespel, NRK, 2002 Det Norske Samlaget, 2004
  • Uten grenser – antologi, Kagge Forlag, 2002
  • Kvinner Care – bidrag i antologi, redigert av Anna Bache-Wiig og Morten Krogvold, Press, 2004
  • Ikke mat sjimpansene – ungdomsroman, med Hilde Hagerup og Charlotte Glaser Munch, Aschehoug, 2004
  • Landet Alltid Raudt – fantasyroman, Det Norske Samlaget, 2005
  • Rosa prosa – bidrag i antologi, redigert av Ida Roggen og Tonje Tornes, Gyldendal, 2006
  • Vi vil ha hund! – biletbok, Cappelen Damm, 2012
  • Det spøker – barnebok, Det Norske Samlaget, 2018

Referansar

  1. ↑ ««Ragnfrid Trohaug (23.12.1975)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 23. mars 2013. 
  2. ↑ «Blir redaktør i Samlaget», www.bt.no (på norsk bokmål), 12. oktober 2006, henta 26. mai 2023 
  3. ↑ «Ragnfrid Trohaug blir redaksjonssjef i Cappelen Damm Barn & Ungdom», Mynewsdesk (på norsk), 3. mai 2017, henta 26. mai 2023 
  4. ↑ Steenberg, Nora (10. september 2018), «Trohaug ny forlagssjef», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 26. mai 2023 
  5. ↑ ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org). 

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA