Olava Bidtnes
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 31. mars 1938 (86 år) Hegra
Yrke: skribent, lyrikar, sosionom
Periode: 2004 –
Far: Lars Bidtnes
Debut: Napp
Olava Bidtnes
Olava Bidtnes (fødd 31. mars 1938)[1] er ein norsk lyrikar.
Ho debuterte i 2004 med diktsamlinga Napp.[2] Den andre diktsamlinga hennar, Tenke på kva havet heiter ein regnfull dag, kom i 2011.
Bidtnes er opphavleg frå Stjørdal, men har budd i Tromsø i mange år. Ho er del av poesigruppa Jernbanepoetene,[3] og skriv på nynorsk. Bidtnes bur i dag i Sandvika utanfor Oslo.
Bøker
- 2004 – Napp – diktsamling
- 2011 – Tenke på kva havet heiter ein regnfull dag – diktsamling
- 2013 – Berre tru du er ein avdød – diktsamling
- 2014 – Blaff – diktsamling
Referansar
- ↑ ««Olava Bidtnes (31.03.1938)»». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016.
- ↑ ««Olava Bidtnes»». margbok.no. Arkivert frå originalen 24. februar 2015. Henta 17. februar 2016.
- ↑ Maria Børja (19. oktober 2004). ««Nettpoeter gir ut bok»». dagbladet.no. Henta 1. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- Bloggen til Olava Bidtnes Arkivert 2014-06-04 ved Wayback Machine.
- Utgjevingar av Olava Bidtnes i BIBSYS Ask[daud lenkje]