Morten Edvard Robertsen-Strømme
Fødd: 19. januar 1857
Død: 11. juli 1930 (73 år)
Morten Edvard Robertsen-Strømme
Morten Edvard Robertsen-Strømme (19. januar 1857–11. juli 1930) var ein norsk lærar, organist og forfattar.
Robertsen-Strømme var fødd i Bø i Vesterålen. Han var son til Robert Mortensen (1831-1912) og Mette Kristina Robertsen (1831-1918).
Han gifta seg i 1880 med Andrea Vilhelmine Martinussen (1858-1926) frå Straumsjøen.
Robertsen-Strømme gjekk ut av Tromsø Seminarium i 1878. Han var lærar i Gimsøy frå 1879 til 1891. Deretter var han lærar i Øksnes, før han i 1894 blei tilsett som lærar i Bø i Vesterålen, og i 1909 blei han også organist ved Bø kyrkje.[1] Han søkte avskil som lærar i 1924, men heldt fram som organist.
Utgjevingar
- Nordafor folkeskikken, eit folkelivsbilæte frå Nordland – ved R.S, 1914. 150 sider (nynorsk)[2][3]
- Gamalt løgje ut og nord med havet : av ein nordlending – 1917. 228 sider (roman),[4] også trykt som kjellar-forteljing i Den 17de Mai frå 22. oktober 1917 (nynorsk)[5]
- Esau og Jakob. Et familiedrama i 5 akter – av Robertsen-Strømme. Lofotposten 5.november 1921 – 19.desember 1921 (riksmål)[6]
- Slektskap og anna i Bø – John Griegs boktr.: Bergen 1926. 114 sider (riksmål)[7]
Kjelder
- ↑ Anna Lindhjem: Norges orgler og organister til og med 1914, side 76. Skien 1916 [1]
- ↑ Kari Pålsrud: Nordnorsk skjønnlitteratur. En bibliografi. Bd. 1
- ↑ Nordanfor folkeskikken. Eit folkelivsbilete fraa Nordland Ved R.S., Kristiania 1914.
- ↑ Pålsrud, Kari (1979). Nordnorsk skjønnlitteratur : en bibliografi. ISBN 8290352018.
- ↑ «Den 17de mai». 22. oktober 1917. s. 5.
- ↑ Lofotposten, lørdag 5. november 1921
- ↑ Robertsen-Strømme: Slektskap og anna i Bø, Bergen 1926
- Rolv Straume: Bø bygdebok. Bind 2. Bø kommune 1963, side 413-414.
- «Morten Edvard Robertsen-Strømme», side 289-290 i: Christian Wiik: Tromsø-seminarister : biografiske oplysninger om seminarister som er dimittert fra (Trondenes og) Tromsø seminar : 1829-1879. Land og Kirke: Oslo 1948.
