Kristian Halse

Fødd: 14. desember 1926 Stangvik

Død: 6. november 2018 (91 år)

Statsborgar av: Noreg

Parti: Venstre

Yrke: politikar, lærar, lyrikar

Alle verv: stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 1972 –1973 ) vararepresentant til Stortinget (1969 –1973 ) 

Kristian Halse

Kristian Halse (14. desember 1926–6. november 2018) var ein norsk diktar, lærar og stortingspolitikar.

Kristian Halse var fødd i Stangvik i Møre og Romsdal. Han budde i Vefsn frå han fekk arbeid som lærar ved Vefsn folkehøgskole i 1951. Her arbeidde han til han i 1960 vart tilsett ved Mosjøen vidaregåande skole, som var arbeidsplassen hans til 1991.

Han var vararepresentant frå Nordland til Stortinget 1969-73 for partiet Venstre. Frå oktober 1972 møtte han eitt år som fast representant og var medlem i landbrukskomiteen.

Bibliografi

Kristian Halse har skrive jubileumsbøker for

  • Vefsn Venstre (1983)
  • Mosjøen Idrettslag (1992)
  • Mosjøen mannskor (1993)
  • Vefsn folkehøgskole (1999)
  • Mosjøen orkesterforening (2001)
  • Olderskog skole (2004)

Nokre av dikta hans er publiserte i bøkene:

  • Levande tid (utg. ved Vefsn Museum, 2001, ISBN 82-90775-)[1]
  • Min løynde blom (Snøfugl forlag, 2009)

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA