Johan Borgos

Johan Borgos

Fødd: 21. juli 1939 (85 år) Skogsøya

Yrke: skribent

Johan Borgos

Johan Ingvald Borgos (fødd 21. juli 1939 på Skogsøya i Øksnes), no busett på Sortland, er ein norsk historikar, bygdebokforfattar og lærar. Han har lærarutdanning frå lærarskolen i Nesna (1964), matematikk grunnfag i Trondheim (1969) og er cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Tromsø (1987).

Johan Borgos har vore hovudforfattar for bygdebøker i Øksnes kommune, Sortland kommune og Andøy kommune. Han har òg skrive mange lokalhistoriske artiklar, dei fleste er publiserte i Øksnes historielag si årbok Leddiken. Blant anna har han interessert seg for samisk historie i Vesterålen. Dessutan har han skrive fleire noveller, dikt, viser og limerickar.

Borgos er medlem i TONO, Nordnorsk forfatterlag og Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening. Han blei i 2015 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt som historikar og innsatsen sin knytt til bevisstgjering rundt nordnorsk kystkultur.
I 2020 fekk Borgos Språklig samlings litteraturpris for boka Samer ved storhavet.

Utgjevingar (utval)

Faglitteratur

  • Jordens ufructbarhed og hafsens fischerie. Befolkning, bosetning og økonomi i Barkestad og Langenes fjerdinger 1700-1820″. Universitetet i Tromsø (1988) (hovudfagsoppgave i historie)
  • Lokalt utviklingsarbeid i utkantstrøk (saman med Dag Arntsen) (1988)
  • Gård og slekt i Øksnes – bind I (1990) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
  • Gård og slekt i Øksnes – bind II (1992) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
  • Gård og slekt i Øksnes – bind III (1997) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
  • Gård og slekt i Øksnes – bind IV (1999) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
  • De er her ennå – samisk historie i Vesterålen, Vesterålen kulturutvalg og Vesterålsmuseet (hefte) (1999) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
  • Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del I (2001)
  • Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del II (2005)
  • Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del III (2007)
  • Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del IV (2011)
  • Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del V (2012)
  • Andøy bygdebok – bind II. Gård og slekt. Del I (2003)
  • Andøy bygdebok – bind III. Gård og slekt. Del II (2004)
  • Andøy bygdebok – bind IV. Gård og slekt. Del III (2008)
  • Andøy bygdebok – bind V. Gård og slekt. Del IV (2009)
  • Andøy bygdebok – bind VI. Gård og slekt. Del V (2010)
  • Samer ved storhavet (2020)

Skjønnlitteratur

  • Vendemøter (noveller) (1998) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket) (bokmål, dialekt i replikkar)

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA