Ivar Strompdal

Fødd: 1. juni 1886

Død: 4. september 1953 (67 år)

Ivar Strompdal

Ivar Kristoffer Strompdal (1. juni 1886–4. september 1953) var ein norsk lærar og forfattar frå Velfjord i Nordland. Knut Strompdal var bror hans.

Strompdal voks opp på ein veglaus, einbølt gard. Han utdanna seg til lærar i Tromsø, tok eksamen i 1908 og var skolelærar i Velfjord fram til 1922. Åra 1922-27 arbeidde han i Orkdal i Sør-Trøndelag. Sidan var han folkeskolelærar i Vefsn fram til han døydde i 1953, busett i Mosjøen.

Strompdal gav i 1933 ut ungdomsboka Arven, ei forteljing på 80 sider der hovudfigurane er to halvvaksne gutungar som veks opp i eit miljø som minner mykje om forfattarens eigen bakgrunn. Boka kom ut i nytt opplag på Norsk Barneblads Forlag i 1945, med framsideillustrasjon av Jens R. Nilssen. Strompdal skreiv fleire ungdomsbøker; Karisonen (1935), Stein og Ståle (1943), Tyssedalsborna (1945) og Skatten i Lomsdal (1948).

Forfattarskap

  • 1933: Arven – Norsk Barneblads forlag, Oslo. 83 sider. (nytt opplag 1945)
  • 1935: Karisonen
  • 1943: Stein og Ståle
  • 1945: Tyssedalsborna
  • 1948: Skatten i Lomsdal

Kjelder

  • Norsk Alkunnebok X. 1965


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA