Fridtjof Eriksen
Fødd: 24. juni 1930
Død: 25.februar 2022
Yrke: lærar, skribent
Fridtjof Eriksen
Fridtjof Eriksen (fødd 24. juni 1930 på Espenes i Dyrøy, død 25. februar 2022) var ein norsk pensjonert lærar, foreiningsmann, politikar og forfattar.
Fridtjof Eriksen var aktiv i foreiningsliv og politikk, skole, lokal misjonsforeining og Lenvik sokneråd. Han var også krinsformann i Indremisjonen og Normisjon. Han var aktiv i Kristeleg Folkeparti der han i mange år var ulønna fylkessekretær.[1]
Han hadde utdanning frå Tromsø lærarskole (1951-1955)[2] og eit kurs på Heimly folkehøgskole – Forfattarskolen.
Fridtjof Eriksen mottok i 1981 kulturprisen i Lenvik for kulturarbeidet sitt, blant anna som dirigent for kor og skolekorps.
Fridtjof Eriksen var også aktiv forkjempar for nynorsk.[3]
Utgjevingar
- Drøm og dragning – dikt, (eige forlag). 100 sider. 1. utgåve 2001, 2. utgåve 2006
- Under Nordlys og midnattsol: liv og diktning – sjølvbiografi, (eige forlag). Nynorsk. 129 sider. 2007
- På sporet av en vei – roman, (eige forlag). 108 sider. 2008.
- Folk og liv – småstubbar og dikt, (eige forlag). Nynorsk. 96 sider. 2011
Kjelder
- ↑ ”Fridtjof Eriksen 80 år”: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/nyheter/artikkel?p_document_id=39290&org=15051[daud lenkje]
- ↑ Fotominne, arkivert frå originalen 16. november 2011, henta 9. juni 2012
- ↑ ”Ka er galt med nynorsken?”, Troms folkeblad, Finnsnes, onsdag 1. februar 2012, også på http://twitpic.com/8e9p1m
- Fridtjof Eriksen ved Litteraturnett Nord-Norge
- Forlaget Kristiansen: «På sporet av en vei». Bok- og forfatterpresentasjon
