Edvard Ruud

Fødd: 6. november 1907

Død: 5. august 2001 (93 år)

Yrke: lyrikar

Edvard Ruud

Edvard Ruud (6. november 1907–5. august 2001) var ein norsk lyrikar, folkeminnesamlar og folkemusikar frå Elgsnes i Harstad.

Ruud var ein representant for den nordnorske folkelege kulturen, særleg folkemusikken og den folkelege songen. Han song inn nærpå 200 songar i NRK. I mange år reiste han i bygd og by og fortalde og song. Han gjorde også mykje for ungdomslag, målsaka, museumsarbeid og mangt anna.[1] Han vart statsstipendiat i 1974.

Utgjevingar

  • Tankar eg tenkte som eit minne til deg, dikt, 1979
  • Det mørke landet, eventyrsamling, 1980
  • Tankar i ord : dikt i utval, 1981
  • Dei finaste band, Elias Blix og hans Barndomsminne frå Nordland, 1983 (sm.m. Karl Erik Harr)
  • Tankar og ord frå landet i nord, dikt, 1998
  • Hav og himmel i Hålogaland, dikt, 1999
  • Dikt frå Elgsnes, 2000

Prisar og utmerkingar

  • Blixprisen 1980
  • Harstad Sparebanks kulturpris 1987
  • Petter Dass-medaljen 1991

Kjelder

  1. «Nyheter», www.folkedans.com, henta 9. mars 2019 


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA