Bugge Baustad

Fødd: 15. september 1882 Sømna

Død: 29. januar 1953 (70 år)

Bugge Baustad

Karlot Bugge (Baustad) Edvardsen (15. september 1882–29. januar 1953) var ein norsk bonde, felespelar og diktar.

Bugge Baustad blei fødd i Blessa på garden Indre Baustad, i dåverande Vik herad (no Sømna kommune). Foreldra var Ingeborg Olsdatter og Edvard Bertelsen. Bugge Baustad var nummer tre i ein søskenflokk på åtte, men der to av søskena var døde då Bugge blei fødd. Faren var ein habil felespelar.

Liv og virke

Alt i 12-årsalderen gav Bugge seg i veg med eit handskrive blad, Heimtanken, der han skreiv både dikt og prosa. Han lært seg tidleg å spele på fele, og noko lærte han hos faren, andre melodiar lærte han hos andre spelemenn.

Hausten 1901 kom Bugge inn på Vefsn folkehøgskole, og her blei målmannen og ungdomslagsmannen forma.

Bugge kom så til Bjørnådalen på arbeid i eit klebersteinsbrot, og i Bjørnådalen møtte han Gudrun Olsdatter (fødd 1887), og dei gifta seg i 1908. Sonen Hermod blei fødd 26. oktober 1909, men alt 17. juli 1909 døydde Gudrun. Hermod blei så oppfostra hos tante Maren på Hemnesberget.

Bugge arbeidde i Bjørnådalen fram til 1913. Då vende han heim til Sømna, og der overtok han ein del av heimgarden. Her bygde Bugge Baustad opp ein bureisar-gard frå grunnen av.

I 1916 gifta Bugge seg på nytt med Agnes Sivertsdatter (fødd 5.6.1889, død 19.3.1963) frå Ytre Baustad, og i 1917 fekk dei dottera Solveig, og no flytta også sonen Hermod heim.

Ved sia av arbeidet på garden, spelte Bugge også, på møte i ungdomslag, på ein og annan dansefest, og gjerne i bryllaup. I følgje vennar kunne Bugge rundt 400 melodiar, men berre eit 70-tals er tatt vare på.

Bugge Baustad skreiv fleire prologar og dikt, ofte framført i ungdomslaga. Etter krigen var det fleire som gjekk saman om å få gitt ut dikta, og i 1949 (eller 1951) kom samlinga Frygdasnella ut.

Bugge Baustad døydde 5. februar 1953, og han blei gravlagd ved Sømna kyrkje. 19. mai 1957 blei det reist ein minnestein på grava, gitt av ungdomslaget Fram.

Utgjevingar

  • Frygdasnella. Utgitt av Sør-Helgeland ungdomslag og ungdomslaga Lysingen og Fram, Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1951?, 78 sider.

Kjelder

  • Bugge Baustad. Diktaren og spelemannen frå Sømna. Med utvalde dikt frå Frygdasnella, Solstreif o.a. Utgitt av Sømna historielag, 2012. 143 sider.


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA