Berit Oksfjellelv
Nasjonalitet: Norsk
Fødd: 1977 (47 år) i Bleikvasslia
Yrke: Journalist, filolog
Periode: 2012 –
Debut: Ut av munnen
Berit Oksfjellelv
Berit Oksfjellelv (fødd 1977 i Bleikvasslia)[1][2] er ein norsk filolog, journalist, biletkunstnar og forfattar.
Oksfjellelv er utdanna cand.philol med hovudfag i nordisk og mellomfag i kunsthistorie.[3] Hovudoppgåva hennes hadde tittelen Endringar i stadnamntilfanget ved tre ulike gardar i Bleikvasslia på Helgeland (NTNU, 2002).[1]
Ho har arbeidd i Landslaget for norskundervisning, i Norsk Ordbok, i Stadnamnkonsulenttenesta, og som lærar i grunnskulen, den vidaregåande skulen, kulturskulen og ved Nord universitet.[3][2]
Ho debuterte som forfattar i 2012 med biletboka Ut av munnen.[4] Ho har skrive noveller for m.a. Norsk Barneblad, Nordnorsk magasin og magasinet Stemmer.
Kunst
I 2013 debuterte ho som kunstnar på den Nordnorske kunstutstilling med biletet «Tvil». I 2016 deltok ho på ei fellesutstilling under Arctic Race of Norway med tre bilete.
Bøker
- 2012 – Ut av munnen – bildeboka, illustrert av Jens Kristensen. Mangschou, Bergen (nynorsk)
- 2017 – «Roadmovie» i antologien Vilje
- 2019 – Skjør – novellesamling, skrive saman med Hallvard Kjelen. Kolofon, Oslo (nynorsk)
Referansar
- ↑ ««Berit Oksfjellelv»». Nettstaden til Den Nordnorske Kunstutstilling. Henta 24. mars 2013.
- ↑ 2,0 2,1 ««Illusjonistisk lureri og åpenbar samtidskritikk»». Nettstaden sekunst.no. Henta 24. mars 2013.
- ↑ 3,0 3,1 ««Berit Oksfjellelv»». Nettstaden til forlaget Mangschou. Henta 24. mars 2013.
- ↑ Judith Sørhus Litlehamar. ««Ut av munnen»». Nettstaden pirion.no. Henta 24. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
- Berit Oksfjellelv: «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i Samtiden Arkivert 2012-09-14 ved Wayback Machine.
- Utgjevingar av Berit Oksfjellelv i BIBSYS Ask[daud lenkje]