Sissel Horndal

Nasjonalitet: Norsk

Statsborgarskap: Noreg

Fødd: 17. februar 1970 (56 år) Bodø

Yrke: Biletkunstnar, illustratør, forfattar

Periode: 1998 –

Sjanger: Barnelitteratur

Medlem av: Tegnerforbundet[*]

Prisar: Nynorsk barnelitteraturpris, Blixprisen

Debut: Ei halspastill-historie

Sissel Horndal

Sissel Horndal (fødd 17. februar 1970)[1] er ein norsk biletkunstnar, grafisk designar, illustratør og forfattar frå Mørsvikbotn.[2]

Horndal er utdanna i måleri frå Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg og i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen.[3][4] Ho driv firmaet Rabarbra Bokmakeri og arbeider som bildekunstnar og illustratør. Tidlegare har ho arbeidd med scenografi og kostyme i teateroppsetjingar og i reklamebyrå.

Ho debuterte som forfattar i 1998 med bildeboka Ei halspastill-historie som ho hadde både skrive og illustrert. Horndal fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka.[5] Same året kom kokeboka Ro, ro til fiskeskjær som ho hadde laga saman med kokken Mareno Storeide. I 2000 kom biletboka Eg er ikkje trøtt og i 2008 kom Himmelspringaren. Den sistnemnde fekk ho også Nynorsk barnelitteraturpris for.[6] I tillegg har ho illustrert bøker frå fleire andre forfattarar, mellom dei fleire samiske barnebøker.

Utgjevingar

Skrive og illustrert

  • 1998 – Ei halspastill-historie – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2000 – Eg er ikkje trøtt – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2008 – Himmelspringaren – barnebok (bildebok), Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2010 – Stallo og sølvmånen – lydbok, opplesen av Eirin Edvardsen
  • 2014 – Historia om alfabetet – bildebok, Rabarbra Bokmakeri, Mørsvikbotn (nynorsk)
  • 2014 – Hokus pokus 1-2-3 – barnebok, Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2015 – Sølvmånen – billdebok, Forfatternes Forlag (bokmål)
  • 2019 – Fra stjernene til livet : en fortelling fra samisk mytologi – barnebok, Iđut, Billefjord (bokmål)

Illustrert

  • 1998 – Mareno Storeide: Ro, ro til fiskeskjær
  • 2002 – Gøran Andersen: Stuorlådde
  • 2003 – Knut Tore Andersen: Gå skirri sádá
  • 2005 – Kine Hellebust: Ho Kirsti og eg
  • 2005 – Siv-Ingunn Kintel og Adele Nystø Ráhka: Lávllaga
  • 2006 – Kaia Kalstad: Giella Fábmo 4, Giella Fábmo Barggogirjje
  • 2007 – Karin Kinge Lindboe: Døden i døra
  • 2008 – Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Huskereisa
  • 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 1
  • 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 2
  • 2009 – red. Anders Kintel og Kåre Tjihkkom: Subttsasa Nordlándas
  • 2011 – Knut Tore Andersen: Sjáŋŋarlåhkåmgirjje
  • 2011 – Signe Iversen: Mánugánda ja Heike
  • 2011 – Harald O. Lindbach: Logan vel eambbo
  • 2011 – Karen Anne Buljo: Nieidagorži
  • 2011 – Gunn Hild Lem: Måneskinnslandet
  • 2011 – Liv Andersen og Egil Hyldmo: Folket som kunne fly
  • 2011 – Ardis R. Eriksen: Sápmái go?

Prisar og utmerkingar

  • 1998 – Nynorsk barnelitteraturpris for Ei halspastill-historie
  • 2008 – Nynorsk barnelitteraturpris for Himmelspringaren
  • 2015 – Blixprisen for det barnelitterære forfattarskapet sitt.[7]
  • 2018 – Kulturpris for Sørfold [1]

Referansar

  1. ↑ ««Sissel Horndal»». forfatterkatalogen.no. Henta 26. februar 2012. 
  2. ↑ ««Månedens illustratør»». Nettstaden til Sørfold kommune. 2. september 2011. Henta 26. februar 2012. 
  3. ↑ ««Sissel Horndal»». rabarbra.net. Henta 26. februar 2012. 
  4. ↑ ««Månedens illustratør: Sissel Horndal»». Norsk barnebokinstitutt. Henta 26. februar 2012. 
  5. ↑ ««Nynorsk barnelitteraturpris»». Noregs Mållag. Henta 26. februar 2012. 
  6. ↑ ««Nynorsk barnelitteraturpris til Sissel Horndal»». Noregs Mållag. 24. april 2009. Henta 26. februar 2012. 
  7. ↑ «Blix-prisen til Sissel Horndal». Nordlys. Henta 17. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA