Parinacota

Parinacota

Land:  Bolivia,  Chile

Fjellkjede: Andes

Høgd: 6 348 moh.

Koordinatar: 18°17′S 69°15′W

Parinacota

Parinacota er ein massiv, 6 348 moh/ høg stratovulkan på grensa mellom Arica og Parinacota-regionen lengst nord i Chile mot Bolivia. Vulkanen er del av vulkangruppa Nevados de Payachata. Ein annan stor vulkan i området er Pomerape.

Det siste utbrotet til Parinacota fann stad for i kring 1 700 år sidan. Eitt av dei mest dramatiske utbrota hende for cirka 8 000 år sidan då ein stor kollaps i vulkanen skapte ein lavine med 6 km³ lausmasse av det som ein gong var del av vulkanen. Steinane i lavinen stoppa flaumen av masse, og skapte innsjøen Chungará.

Parinacota og Pomerape ligg mellom Sajama nasjonalpark i Bolivia og Lauca nasjonalpark i Chile.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Parinacota» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2012.


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA