Alexis Claude Clairaut
Fødd: Alexis Claude Clairault13. mai 1713 Paris
Død: 17. mai 1765 Paris
Nasjonalitet: Frankrike
Område: matematikk, mekanikk, astronomi, geodesi
Yrke: astronom, matematikar, mekanikar, fysikar
Institusjonar: Det franske vitskapsakademiet
Medlem: Royal Society Det franske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet
Alexis Claude Clairaut
Alexis Claude Clairault eller Clairaut (3. mai 1713–17. mai 1765) var ein fransk matematikar. Alt 18 år gammal vart han medlem av vitskapsakademiet på grunn av undersøkingane sine av algebraiske kurver.
Han deltok i gradmålinga til Maupertuis i Lappland i 1736, og på grunnlag av denne utarbeidde han i 1743 teorien sin om forma til jorda. Her synte han mellom anna det kjende Clairault-teoremet, som var eit enkelt samband mellom flattrykkinga til jorda, omdreiingssnøggleiken og tyngdefordelinga på overflata. Måneteorien hans vart i 1752 prislønt av Det russiske vitskapsakademiet i St. Petersburg. Clairault utgav òg eit verk om kometbanar og rekna i 1758 når for Halleys komet kom attende.
Kjelder
Alexis Claude Clairault. (2011-10-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alexis_Claude_Clairault
Autoritetsdata |
---|