Eric Troyer

Eric Troyer

Fødd: 10. april 1949 (75 år)

Fødestad: Elkhart

Opphav: USA

Sjanger: rock

Instrument: tangentinstrument

Verka som: songar og låtskrivar

Eric Troyer

Eric Lee Troyer (fødd 10. april 1949) er ein amerikansk klaverspelar, songar, låtskrivar og stundom gitarist. Han er mest kjend som medlem av ELO Part II og etterfølgjaren, det populære konsertbandet The Orchestra. Troyer var med på å starte opp ELO Part II etter at han vart rekruttert av leiaren i bandet, Bev Bevan i 1989.[1]

Han har spelt som studiomusikar og korvokalist for artistar som John Lennon (Double Fantasy), Bonnie Tyler på Faster Than the Speed of Night, Secret Dreams and Forbidden Fire, «Total Eclipse of the Heart»), Jim Steinman (Bad for Good), James Taylor, Carly Simon, Julian Lennon, Billy Joel (An Innocent Man), Frankie Miller (Double Trouble), Rick Derringer, Ian Hunter (All of the Good Ones Are Taken), Aerosmith, Kiss, Garland Jeffreys, Lou Reed (New Sensations), Celine Dion og Meat Loaf (Couldn’t Have Said It Better).[1]

I 1980 fekk Troyer ein mindre hit som soloartist med «Mirage». Albumet String of Pearls[2] vart spelt inn, men aldri gjeve ut offisielt. 13 år seinare gav han ut albumet Model Citizen.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Eric Troyer» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord