Gunnar Berndtson
Statsborgarskap: Finland
Fødd: 24. oktober 1854 Helsingfors
Død: 9. april 1895 (40 år) Helsingfors
Yrke: kunstmålar
Språk: finsk
Far: Fredrik Berndtson
Gunnar Berndtson
Gunnar Fredrik Berndtson (24. oktober 1854–9. april 1895) var ein finsk kunstmålar.
Berndtson var fødd i Helsingfors. Han var son av forfattaren Fredrik Berndtson.
Han blei student i heimbyen i 1872. Seinare tok han opp måleri. Han studerte dels i heimlandet og dels i Paris, der han var elev av Gérôme ved École des Beaux-Arts frå 1876 til 1877. I 1882-1883 var han på kunstreise til Egypt.
Gunnar Berndtson måla sjangerbilde og portrett, som «utmerka seg ved elegans i utføringa og omsorgsfull finheit i detaljane.»[1]
Av måleria hans kan nemnast dei parisiske måleria Konstkännare i Louvre (1879) og La chanson de la mariée (1881), Almée måla i Kairo i 1883), og fleire scener frå finsk soldatliv. Han bidrog med teikningar til bokverket Finland i 19:e seklet (1893).
Berndtson døydde i Helsingfors i 1895 etter lengre tids sjukdom.
Kjelder
- ↑ Berndtson, 2. Gunnar Fredrik i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1905)
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Fredrik Berndtson» frå Wikipedia på svensk, den 17. november 2014.
Bakgrunnsstoff