Blyth i Northumberland
Blyth i Northumberland
Blyth |
||
---|---|---|
Blyth sentrum |
||
Plassering | ||
|
||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Northumberland | |
Distrikt | Northumberland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar – By (2001) |
35 818 | |
Koordinatar | 55°8′″N 1°31′″WKoordinatar: 55°8′″N 1°31′″W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NE24 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1670 | |
Commons har multimedium som gjeld: Blyth i Northumberland
|
Blyth er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 36 000 innbyggjarar og ligg ved kysten av Nordsjøen, sør for elva Blyth, om lag 21 km nordaust for Newcastle upon Tyne.
Hamna i Blyth går attende til 1100-talet, men utviklinga av den moderne byen starta først i byrjinga av 1700-talet. Hovudnæringane som fekk byen til å vokse var kolgruvedrift og skipsbygging, samt salthandel, fiske og jernbanen. Desse næringane er i dag stort sett borte, men hamna er framleis i drift og tek imot papir og tremasse frå Skandinavia for avisindustrien i England og Skottland.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Blyth, Northumberland» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.
Autoritetsdata |
---|