Ingvald Forsberg
Statsborgarskap: Noreg
Fødd: 5. januar 1886 Nordfold
Død: 4. oktober 1933 (47 år)
Yrke: skribent
Ingvald Forsberg
Ingvald Forsberg (fødd 5. januar 1886 i Nordfold, daud 4. oktober 1933 på Bodø sjukehus) var ein norsk journalist og forfattar.
Forsberg gjekk på i alt tre folkehøgskolar: Vågan 1910-11, Telemark 1911-12 og Voss 1912-13. Han arbeidde deretter på anlegg i Odda mens han skreiv den første boka si I anleggsbyen, roman fraa arbeidarlive, som i åra 1914-16 blei trykt som føljetong i Ungdomsbladet som kom ut i Kabelvåg. Boka var prega av inspirasjonen frå Kristofer Uppdals proletarromanar. Det kan sjå ut som boka blei samla og tilbode[1], men dette er ikkje sikkert.[2]
Etterkvart fekk Forsberg stillingar i pressa, først i Nordlendingen frå 1914, seinare i Østlandsposten og frå 1918 til 1919 i Fædrelandsvennen.
Den eigenlege debuten til Ingvald Forsberg kom i 1919 med ungdomsromanen Moglunten, om guten som blei kua av folkemeininga i bygda, men som viste oppfinnsemd i Lofotfisket og til sist vågar å fri til jenta der heime.[3] Markus (1932) blir rekna som «den største og mest heilstøypte av bøkene hans», og hovudpersonen er ein framgangsmann i bygda som både lukkast som gårdbruker, blir godt gift og får ordførarvervet etter svigerfaren, men som likevel føler seg einsam og som ein tapar.[3] «Det er ein sterk og heilstøypt psykologisk mannslagnad Forsberg gjev oss i denne boka.»[3]
Olav A. Loen har skrive to minneskrift om han; eit blei gitt ut som særtrykk av avisa Austland på Hamar i 1943[4], og eit blei gitt ut på Marius Evjebergs forlag i 1956.[5]
Forfattarskap
- 1914-16: I anleggsbyen. Roman fraa arbeidarlive[6]
- 1919: Moglunten, fortelling frå Nordland (nynorsk)[7]
- 1921: Den store striden, roman om ung mann i religiøs krise, delvis sjølvbiografisk[3] (nynorsk)[8]
- 1925: Nyheim, framhald av Den store striden (nynorsk)[9]
- 1932: Markus, roman (nynorsk)[10]
- 1934: Det nye riket, roman om mann i livskriser (nynorsk)[11]
Referansar
- ↑ Jfr. melding i Gula Tidend, tysdag 30. januar 1917
- ↑ Jfr. omtale i Den 17de mai, tysdag 10. februar 1920
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Olav A. Loen.
- ↑ Olav Alvheim: «Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil», Norsk Skoletidendes Boktrykkeri, Hamar, 1943 [1]
- ↑ Olav Alvheim: «Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Til 70-årsdagen», Marius Evjebergs forlag, Bøstad, 1956 [2]
- ↑ Kjellarforteljing i Ungdomsbladet, frå 23. oktober 1914
- ↑ Ingvald Forsberg: «Moglunten. Fortelling frå Nordland», Olaf Norlis forlag, Oslo 1919.[3]
- ↑ Ingvald Forsberg: «Den store striden», Olaf Norlis forlag, Oslo 1921
- ↑ Ingvald Forsberg: «Nyheim», Olaf Norlis forlag, Oslo 1925
- ↑ Ingvald Forsberg: «Markus», Olaf Norlis forlag, Oslo 1932
- ↑ Ingvald Forsberg: «Det nye riket», Olaf Norlis forlag, Oslo 1934
