Dagmar Blix
Fødd: 28. september 1900 Buksnes kommune
Død: 3. april 1984 (83 år)
Yrke: skribent, lyrikar
Dagmar Blix
Dagmar Blix (28. september 1900–3. april 1984) var ein nordnorsk forfattar og lyrikar. Ho var fødd i Hol utanfor Leknes i Lofoten og var busett i Storfjord ved Stamsund, der ho arbeidde som forfattar og lærar.
Hennar engasjement for målsaka var mellom anna grunna i argumentet om at nynorsk ligg nærare mange norske dialektar enn bokmål. Ho skreiv sjølv på eit nordnorskprega nynorsk, og fleire av segnene og forteljingane ho samla frå Nord-Noreg er skrivne på ei blanding av dialekt og nynorsk.
Forfattarskapen
Forfattarskapen består i hovudsak av barne- og ungdomsbøker, men ho har gjort eit viktig arbeid for å samle og publisere historier og segner frå Lofoten. Engasjementet hennar gav seg utslag i ei rekkje radiokåseri. I tillegg var ho aktiv medarbeider i Norsk Målførearkiv , og ho skreiv kulturhistoriske artiklar i mellom anna Håløygminne.[1] Ho skreiv og las ofte eigne prologar og festtalar til forskjellige høve.
Blix var i 1977 den første som blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris. I 1979 fekk ho Blixprisen.
Bibliografi
- 1948: Prinsesse Gullhjarte og andre eventyrspel, 1, Samling for born. Bøstad : Marius Evjebergs forlag
- 1954: Skomakar-Jonas : eventyrspel i 5 akter : for vaksne og born. Bøstad : Marius Evjebergs forlag
- 1957: Dei tre mostrene og andre eventyrspel. Bøstad : Marius Evjebergs forlag
- 1959: Sylvelin og andre eventyrspel. Bøstad : Marius Evjebergs forlag
- 1961: Vargtid : dikt frå krigsåra. Bøstad : Marius Evjebergs forlag
- 1965: Draugen skreik : tradisjon frå Lofoten. Oslo : Universitetsforlaget
- 1966: I fjell og fjære. Trondheim : Rune forlag
- 1971: Ante frå vidda. Trondheim : Rune forlag
- 1974: Marit. Trondheim : Rune forlag
- 1975: Gamle Lofoten. Orkanger : Rune forlag
- 1975: Skatten i Bjønnhaugen. Trondheim : Rune forlag
- 1976: Eg elskar livet : dikt. Trondheim : Rune forlag
- 1976: Hanen og reven og andre eventyrspel. Dramatisert av Dagmar Blix. Halsøy i Vefsn : Bladet Midnattsol.
- 1976: Turid og Bjørg. Trondheim : Rune forlag
- 1977: Dyra på Harteigen. Trondheim : Rune forlag
- 1978: Henning på Holmen Trondheim : Rune forlag (ny utgåve 2018, ved Vestvågøy historielag[2])
- 1978: Vanja. Trondheim : Rune forlag
- 1979: Landgluntar teikningar av Anders Moe-Rognhaug. Trondheim : Rune forlag
- 1980: Heim til Fagertun ; teikningar av Anders Moe-Rognhaug. Trondheim: Rune forlag
- 1981: Prins Dyregod og prinsesse Rosalind : eventyrforteljing. Teikningar av Aashild Havåg Bergseth. Larvik : Norsk barneblads forlag
- 1983: Heksedansen. Larvik: Norsk Barneblads forlag
Kjelder
- ↑ «Blix, Dagmar». hminne.no. Henta 21. april 2019.
- ↑ ««HENNING PÅ HOLMEN» AV DAGMAR BLIX | Vestvågøy Historielag», www.vhl-historielag.com, arkivert frå originalen 31. desember 2018, henta 21. april 2019
Bakgrunnsstoff
- Bøker av Dagmar Blix digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Blixprisen
Autoritetsdata |
---|