Atomic Energy Research Establishment

Atomic Energy Research Establishment

Atomic Energy Research Establishment

Atomic Energy Research Establishment (AERE), er eit forskings- og treningssenter ved Harwell i Oxfordshire i Storbritannia, som opphavleg var eit sentrum for utvikling av kjerneenergi.

Senteret vart skipa i 1946.[1]
Den første forskingsreaktoren i Storbritannia, GLEEP, vart sett i drift her i 1947 og var i bruk heilt fram til 1990. Forskinga er no hovudsakleg innan materialteknologi, instrumentering, prosesskontroll, strålevern og datahandsaming. Det blir dessutan drive produksjon av radioisotopar. I 2007 vart eit nytt anlegg for synkrotronstråling, The Diamond Light Source, opna.

Kjelder

  1. «History», Harwell Campus (på engelsk), henta 5. oktober 2024 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Atomic Energy Research Establishment
  • Harwell Campus
    Spire Denne vitskapartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord