Musikkgruppa Fabel

Fabel er ei norsk musikkgruppe som spelar poprock. Gruppa er frå Sogn og Fjordane og har desse medlemmane:

  • Odd-Erik Lothe på song og gitar.
  • Roger Allan Ivin på bass og koring.
  • Laila Beathe Førde på saksofon, fløyte og song.
  • Fred Noralf Os Stave på gitar.
  • Knut Lothe på trommer, perkusjon og koring.

Musikarane

Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe er frå Kjølsdalen i Nordfjord og er den som har skrive det meste av tekstane og musikken til Fabel. Han er utdanna lærar og busett i Bergen. Utanom Fabel er Odd-Erik med i Finn-Erix og Green Granadas.

Laila Beathe Førde

Laila Beathe Førde er fødd og oppvaksen i Bremanger. Ho har musikkutdanning frå Firda vidaregåande skule, Viken folkehøgskule og Musikkonservatoriet i Kristiansand. Laila Beathe bur for tida i Bergen og gjev konsertar under artistnavmnet Laila-B.

Diskografi

  • Jordbær og grasbrann 1995
  • Juni 1997
  • Dagane 1996
  • Jordbær & grasbrann 1996
  • For halv maskin 1997
  • Det e musikk 1999
  • Smil 2002

Kjelde


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord