Svinesundsbrua
Type: buebru med bue delvis nedenfor brubanen, overbygget buebro
Stad: Halden i Noreg–Strömstad i Sverige
Opna: 10. juni 2005
Strekning: E6
Lengd: 704 meter
Høgd: 92 m
Breidd: 28 m
Kryssar: Ringdalsfjorden
Materiale: Betong
Utforming: Bogebru
Transporterer: Biltrafikk
Arkitekt: Lund Slaatto Arkitekter AS
Byggherre: Statens vegvesen og Trafikverket
Trafikk: 13 274 (2022 )[1]
Svinesundsbrua
Svinesundsbrua (svensk Svinesundsbron) er ei motorvegbru over sundet Svinesund, som her er grensefjord mellom Noreg og Sverige, og soleis òg yttergrense for Den europeiske unionen (EU). På norsk side ligg Halden kommune i Østfold fylke og på svensk side Strömstad kommune i Västra Götalands län.
59°5′39.926″N 11°15′7.1064″E / 59.09442389°N 11.251974000°E / 59.09442389; 11.251974000
E6 går over Svinesundsbrua, og er hovudvegen mellom Noreg og Sverige og for trafikk vidare nedetter kontinentet. Då den første Svinesundsbrua blei opna i 1946 hadde ho totalt rundt 10 500 køyretøypasseringar. I 2000-åra hadde talet stige til rundt det dobbelte kvart døgn, inkludert tungtrafikk.[2] Ei ny bru tilpassa dette vart opna i 2005.
Historie
Svinesundsbrua og den tilstøytande vegstrekninga avløyste den gamle Svinesundsbrua frå 1946, som ikkje stetta nyare krav til eit hovudvegsamband mellom Noreg og Sverige. Opninga av den nye brua skulle etter planen gå føre seg 7. juni 2005, til 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga, men vart flytta til 10. juni 2005 slik at dei norske og svenske kongehusa kunne vere til stades samstundes. Med opninga av den nye brua fekk den gamle namnet Gamle Svinesundsbrua, medan den nye overtok namnet Svinesundsbrua. På svensk heiter bruene «Gamla Svinesundsbron» og «Svinesundsbron».
Dagen etter opninga gjennomførte Strömstad Löparklubb og Halden Skiklubb «Svinesundsløpet» over Svinesundsbrua. Etter at ho vart opna for biltrafikk 12. juni vart brua stengd for fotgjengarar.
Kostnadar og finansiering
Byggjekostnadane er rekna til 675 millionar svenske kroner eller 616 millionar norske kroner, og skal i sin heilskap nedbetalast med bompengar over inntil 20 år.
Bomstasjonane ved både den nye brua og den gamle brua vart sette i drift 1. juli 2005, slik at det ikkje skulle vera mogleg å sleppe bompengar ved å køyre gamlevegen. Avgifta for ei passering er 20 NOK (23 SEK) for køyretøy under 3,5 tonn og 100 NOK (115 SEK) køyretøy over 3,5 tonn. Pendlarar kan få rabatt ved å nytte det norske betalingsbrikkesystemet AutoPASS.[3] Fram til 1. mai 2006 var passeringar på den gamle brua i retning frå Noreg til Sverige avgiftsfrie. Tunge køyretøy med tillaten totalvekt over 3,5 tonn har ikkje lengre løyve til å bruke den gamle brua, bortsett frå når det gjeld linetrafikk og turistbussar.
Konstruksjonen
Tilfartsbruene er bygde som bjelkebruer, der overbygginga med køyrebanen er understøtta av totalt 5 pilarar. Overbygginga består av to 11 m breie stålkassar som er bunde til kvarandre med tverrberarar.
I midtdelen av brua er overbygginga opphengd i ein einaste berande betongboge ved hjelp av vertikale kablar festa til horisontale stivarar mellom brubanane. I tillegg er brubanane kopla direkte til bogen på båe sider, for å oppnå stabilitet sidevegs.
Sjølve bogen er hol innvendig. For å kunne gjere inspeksjonar av brua er det innvendige trapper gjennom heile bogen, og luker direkte inn mot stålkassane som ber køyrebanane. Det er installert avfuktingsanlegg for å hindre korrosjon. I dei vertikale kablane som ber brubana er det festa nokre sensorar som måler dynamiske spenningar og krefter i konstruksjonen.
Byggjemetode
Bogebrua er bygd etter ein spesiell variant av «fritt frambygg»-metoden. Det vart fyrst bygd høge hjelpetårn på båe sider av fjorden, og kablar frå desse tårna vart mellombels kopla direkte til «fritt fram»-delen etter kvart som bogen vart støypt ut frå kvar side av fjorden. Slik vart dei to halvpartane av bogen haldne oppe fram til bogen var ferdig støypt over heile sundet og stod av seg sjølv. Støypevogna var festa til ei linebane som gjekk mellom hjelpetårna. Hjelpetårna vart tekne ned etter at bogen var ferdigstøypt.
Bogen er solid festa til grunnen på båe sider. På nordre delen var fjellet oppsprukke, så der måtte ein bore hol ned til 12 meter djupne, for so å tette att med betong.
Heile midtre del av overbygginga (køyrebana) vart lyfta opp frå eit lasteskip i sundet og montert direkte.
Prisar og utmerkingar
Svinesundsbrua fekk Vägverkets Vackra Vägars Pris den 23. oktober 2007. Brua blei rosa for si rolle som landemerke med kjensle for staden og landskapet rundt.[4]Brua vart heidra med Betongtavlen i 2006.
[5]
Den gamle Svinesundsbrua
- For meir om dette emnet, sjå Den gamle Svinesundsbrua.
Den gamle Svinesundsbrua, som vart innvigd i 1946, avløyste ei ferje som hadde gått over sundet. Den totale lengda på brua er 420 meter, og lengste spenn er 155 meter. Største høgde over fjorden er 65 meter. Hovudspennet er bygt som ei bogebru med underliggjande boge i betong. Sidespenna er bygde som viadukter og føreblenda med granitt.
Brua hadde ulike namn på norsk og svensk side, I Noreg hadde brua det offisielle namnet «Brunr. 1-109 Svinesund», medan det svenske namnet var «Bro 06 över Idefjorden vid Svinesund (Svinesundsbron) i Strömstad på väg E6». På folkemunne var namnet berre «Svinesundbrua» og «Svinesundsbron».
Bygginga av brua starta i 1939. Då Tyskland invaderte Noreg i april 1940 vart situasjonen i området særs spent, og byggjearbeidet vart mellombels stoppa. Arbeidet vart likevel teke opp att etter eit avbrot på nokre veker, og planen var å opne brua for trafikk i laupet av 1942. Den 7. juli 1942 fann det stad ein eksplosjon som råka delar av dei ferdige brukvelva. Det vart aldri oppklart om det var ei ulukke eller sabotasje. Bygginga vart då innstilt og ikkje teken oppatt før krigen var over. Brua vart ferdigstilt og offisielt opna 15. juni 1946.
Sjå òg
- Bruer i Noreg
- Bruer i Noreg etter lengd
Bakgrunnsstoff
- Gamle og nye Svinesundsbrua på broer.no
- Det svenske vägverkets heimeside om brubygginga
- Det svenske vägverkets heimeside, bilete frå brubygginga
- Om bompengeinnkrevjinga
- Grafikk i Aftenposten
- Riksantikvaren, Fredinga av Svinesundsbrua
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Svinesundsbroen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2009.
- ↑ «Trafikkdata Ev6 Nye Svinesund bru». Statens vegvesen.
- ↑ Historikk ved statsbygg.no
- ↑ Pris/Rabatt (01.06.2007) ved svinesundsforbindelsen.no
- ↑ Svensk vegpris til Svinesundsbrua ved vegvesen.no
- ↑ Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net