Sissel Horndal

Nasjonalitet: Norsk

Fødd: 17. februar 1970 (54 år)

Yrke: Biletkunstnar, illustratør, forfattar

Periode: 1998 –

Sjanger: Barnelitteratur

Debut: Ei halspastill-historie

Sissel Horndal

Sissel Horndal (fødd 17. februar 1970)[1] er ein norsk biletkunstnar, grafisk designar, illustratør og forfattar frå Mørsvikbotn.[2]

Horndal er utdanna i måleri frå Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg og i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen.[3][4] Ho driv firmaet Rabarbra Bokmakeri og arbeider som bildekunstnar og illustratør. Tidlegare har ho arbeidd med scenografi og kostyme i teateroppsetjingar og i reklamebyrå.

Ho debuterte som forfattar i 1998 med bildeboka Ei halspastill-historie som ho hadde både skrive og illustrert. Horndal fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka.[5] Same året kom kokeboka Ro, ro til fiskeskjær som ho hadde laga saman med kokken Mareno Storeide. I 2000 kom biletboka Eg er ikkje trøtt og i 2008 kom Himmelspringaren. Den sistnemnde fekk ho også Nynorsk barnelitteraturpris for.[6] I tillegg har ho illustrert bøker frå fleire andre forfattarar, mellom dei fleire samiske barnebøker.

Utgjevingar

Skrive og illustrert

  • 1998 – Ei halspastill-historie – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2000 – Eg er ikkje trøtt – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2008 – Himmelspringaren – barnebok (bildebok), Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2010 – Stallo og sølvmånen – lydbok, opplesen av Eirin Edvardsen
  • 2014 – Historia om alfabetet – bildebok, Rabarbra Bokmakeri, Mørsvikbotn (nynorsk)
  • 2014 – Hokus pokus 1-2-3 – barnebok, Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2015 – Sølvmånen – billdebok, Forfatternes Forlag (bokmål)
  • 2019 – Fra stjernene til livet : en fortelling fra samisk mytologi – barnebok, Iđut, Billefjord (bokmål)

Illustrert

  • 1998 – Mareno Storeide: Ro, ro til fiskeskjær
  • 2002 – Gøran Andersen: Stuorlådde
  • 2003 – Knut Tore Andersen: Gå skirri sádá
  • 2005 – Kine Hellebust: Ho Kirsti og eg
  • 2005 – Siv-Ingunn Kintel og Adele Nystø Ráhka: Lávllaga
  • 2006 – Kaia Kalstad: Giella Fábmo 4, Giella Fábmo Barggogirjje
  • 2007 – Karin Kinge Lindboe: Døden i døra
  • 2008 – Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Huskereisa
  • 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 1
  • 2009 – Sissel Gaup: Sánit ráidalasas 2
  • 2009 – red. Anders Kintel og Kåre Tjihkkom: Subttsasa Nordlándas
  • 2011 – Knut Tore Andersen: Sjáŋŋarlåhkåmgirjje
  • 2011 – Signe Iversen: Mánugánda ja Heike
  • 2011 – Harald O. Lindbach: Logan vel eambbo
  • 2011 – Karen Anne Buljo: Nieidagorži
  • 2011 – Gunn Hild Lem: Måneskinnslandet
  • 2011 – Liv Andersen og Egil Hyldmo: Folket som kunne fly
  • 2011 – Ardis R. Eriksen: Sápmái go?

Prisar og utmerkingar

  • 1998 – Nynorsk barnelitteraturpris for Ei halspastill-historie
  • 2008 – Nynorsk barnelitteraturpris for Himmelspringaren
  • 2015 – Blixprisen for det barnelitterære forfattarskapet sitt.[7]
  • 2018 – Kulturpris for Sørfold [1]

Referansar

  1. ««Sissel Horndal»». forfatterkatalogen.no. Henta 26. februar 2012. 
  2. ««Månedens illustratør»». Nettstaden til Sørfold kommune. 2. september 2011. Henta 26. februar 2012. 
  3. ««Sissel Horndal»». rabarbra.net. Henta 26. februar 2012. 
  4. ««Månedens illustratør: Sissel Horndal»». Norsk barnebokinstitutt. Henta 26. februar 2012. 
  5. ««Nynorsk barnelitteraturpris»». Noregs Mållag. Henta 26. februar 2012. 
  6. ««Nynorsk barnelitteraturpris til Sissel Horndal»». Noregs Mållag. 24. april 2009. Henta 26. februar 2012. 
  7. «Blix-prisen til Sissel Horndal». Nordlys. Henta 17. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff


Denne siden bruker materiale fra Wikipedia, lisensiert under CC-BY-SA

Emneord